Hatlestrand barne- og ungdomsskule

Om skulen

Ein god stad å være, ein god stad å lære.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule er ein del av Hatlestrand oppvekstområde som omfattar Hatlestrand barnehage, Varaldsøy barnehage, Ølve barnehage. Skulen er ein barne- og ungdomsskule og har i skuleåret 2024/2025, 48 elevar og 14 tilsette. Skulen tar i mot elevar frå Ølve, Varaldsøy og Hatlestrand.

Skulen arbeider for eit godt læring- og skulemiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i lokalmiljøet.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule ligg på Gjermundshamn. Skulen ligg fint til og er skjerma frå hovudvegen. Skuleområdet er flott opparbeida av nærmiljøgruppa på Hatlestrand og inneheld bl.a. fotballbinge, fotballbane, ute-sjakk, bordtennisbord, tennisbane, sandvolleyballbane og løpebane.

Her kan du lesa informasjon om heildagsskulen Pdf, 130 kB, åpnes i nytt vindu.

Samarbeidsutval/Skulemiljøutval

Ann Kristin Næss (Leiar FAU)

Marthe Johansen Seljeseth (nestleiar)

Matthias Zimmermann (politisk repr.)

Vår Sindresdotter Synnevåg-Vee (elevrådsleiar)

Gitle Femsteinevik (elevrepr.)

Laila Ljostveit (tilsettrepr.)

Arnt Ove Femsteinevik (lærarrepr.)

Priser

SFO - Ferieopning

Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.

Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?