Halsnøy skule

Om skulen
Halsnøy skule ligg på Halsnøy i Kvinnherad kommune. Skulen er ny, moderne og ligg i vakker natur med utsikt over både skog, fjell og sjø. I Halsnøy skule er alle elevar unike perler. Perler som skal få utvikle seg fagleg og sosialt ut frå eigne føresetnader. Alle skal bidra til at perlene skin og at alle har perlevener.
Skulen har per mars 2023: 179 elevar, fordelt på 7 trinn. 84 elevar har SFO tilbod og 35 elevar nyttar tilbodet om leksehjelp. Skulen sine satsingsområde er PALS, som står for Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. Vurdering for læring (VFL), og Lesing i alle fag.
Priser
SFO - Ferieopning
Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.
Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert