Bringedalsbygda skule

Om skulen
Bringedalsbygda er ein 4-delt skule med 65 elevar som ligg i Herøysundet, ei bygd om lag midt i Kvinnherad kommune. Skulen er skjerma for trafikk, og har eit stort og trygt uteområde der ein finn både skog og bakkar i tillegg til oppsette leikeapparat og ballbinge. I tillegg har vi to grusbanar til disposisjon, der det er planar om kunstgras på den eine. Vi har og ei jungelløype som er mykje brukt.
Skulen ligg tett på fjord og fjell, og naturen vert nytta til turar og undervisning gjennom heile året. Vi har eit godt samarbeid med foreldre og bygda generelt. Eit aktivt FAU jobbar kontinuerleg for å gjere rammevilkår for elevane betre.
Skulen arbeider heile tida for å skape eit trygt og godt miljø for elevane våre. Dette gjennom stort fokus på synlege trygge vaksne, elevmedverknad gjennom elevråd og trivselsleiarar. Bringedalsbygda skule er, og skal vera, ein god skule å gå på.
Priser
SFO - Ferieopning
Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.
Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert