Åkra skule

Om skulen
Åkra skule er ein del av Åkra oppvekstsenter. Skulen har 10 elevar frå 1. - 7. trinn. Me held til i bygda Åkra og ligg fint til med kort veg både til fjell og fjord. Skulen er kjent for god kvalitet, eit aktivt friluftsliv og som ein samfunnsaktiv skule.
Vi samarbeider tett med Åkra barnehage.
Vi har SFO-tilbod 5 dagar i veka, og det er alltid ledige plassar. Her finn du meir om SFO Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Bjørn Rune, 99 42 87 32, er leiar for SFO-en, Hanne er SFO-koordinator, 94 27 73 68.
Dagsplan 2024/2025: Skulestart 08.30, skuleslutt 13.05 (14.00).
Vår visjon: Ein trygg og god stad å vera. Ein framifrå stad å prøva, øva og meistra.
Plan for psykososialt skule-og barnehagemiljø Åpnes i nytt vindu.
Råd og utval
Elevråd 2024/2025: Odin Eikjeland Sørheim og Marta Vågen
FAU: Josephine Vågen
SMU: Solrun Saghaug Vågen
SU
Leiar: Åse Farestveit (frå undervisningspersonalet)
Nestleiar: Solrun Saghaug Vågen (frå andre tilsette)
Referent: Bjørn Rune Bergane (einingsleiar)
Frå FAU/foreldra: Josephine Vågen
Frå elevane: Odin Eikjeland Sørheim
Frå kommunen: Julie Askeland (vara: Heidi Bolette Jakobsen)
Priser
SFO - Ferieopning
Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.
Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
