Heim - skule
Min Skule-app for føresette
Kommunikasjon mellom føresette og skulane Kvinnherad har tidlegare føregått i ei SMS-løysing, med eige nummer til lærar/skuleleiar.
Ny kommunikasjons-app - frå 15.mars - den ser slik ut:
Føresette lastar ned Min Skole – foresatt på telefonen og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon der føresette sjølv legg inn melding om fråvær.
Med appen aktivert kan føresette
Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til
Motta melding frå tilsett/skulen, inkl. varslingar t.d. på SFO og Digitale skjema
Melde og redigera fråvær
Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO - tilstedeværelse
Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO - tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar
Appen Min Skole – foresatt, er allereie klar til bruk og vi ønsker at føresette lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg. SMS vil framleis fungera i ein overgangsperiode fram til påske.
Dei som evt. ikkje kan bruka appen på telefonen sin har to alternativ:
Bruka appen på nettbrett – dette vil fungera på same måte som på mobiltelefon
Logge seg inn på https://skole.visma.com/kvinnherad/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og lesa og skriva meldingar der.
Dersom du ikkje får til å bruka appen eller alternativa, ta kontakt med skulen.
Viktig:
Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. For å lesa halvårsvurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga på med id-porten på https://skole.visma.com/kvinnherad/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
For meir informasjon:
Informasjonsfilm Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Last ned appen: Min skole-foresatt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Rettleiar: Min skole-app Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Rettleiar: Visma Flyt Skole Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Visma flyt skule
Visma Flyt skule Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.er Kvinnherad kommune sitt skuleadministrative program. Her kan du som forelder fylgje med på karakterar, vurderingar, fråvære, alle søknader, brev , dokument, meldingar som er sendt og SFO informasjon.
I løysinga kan ein per nå søkja om permisjon for eleven og søkja , endra og sei opp SFO plass.
Pålogging gjer ein enkelt via IdPorten (same som bank og altinn). Lenke til innlogging: https://skole.visma.com/kvinnherad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Hjelp til pålogging? Les meir her. pdf, 776 kB, åpnes i nytt vindu.
Office 365
Kvinnherad nyttar Office 365 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. til elevane. Der har alle elevar tilgang på e-post, OneDrive-lagring og diverse andre verktøy som mellom anna Klassenotatbøker. Desse verktøya nyttar skulen i det daglege skulearbeidet. Eleven lagrar sine private dokument i OneDrive og gjer lekser og anna innleveringsarbeid både i Klassenotatbøker og som eigne oppgåveinnleveringar i Skooler.
Office 365 er ei nettbasert løysing som gjer at elevane har tilgang til dokumenta sine frå kva som helst pc, nettbrett eller mobil så lenge den er kopla til internett.
Lenke til innlogging: https://www.office.com/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Elevane nyttar same brukarnamn og passord som på skule-pc. brukarnamn@skule.kvinnherad.no
Skooler
Skooler er ei løysing for innlevering av oppgåver og tilbakemelding på det pedagogiske arbeidet. De som foreldre har eigen pålogging til Skooler via https://foresatt.skule.kvinnherad.no/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
