Samiske barn i barnehage
Samiske barn i barnehagane våre skal få tilbod om å bevara og utvikla språket, kunnskapen og kulturen sin. Samiske barn har rett på samisk språkopplæring der dei bur. Det blir ikkje stilt krav om at dei barnehagetilsette i desse barnehagane må kunna samisk, men dei skal ha kjennskap til, og leggja vekt på den samiske kulturen. Det er viktig at barnehagen så tidleg som mogleg får informasjon frå foreldra om at barnet har samisk bakgrunn, slik at dei er klare når barnet skal byrja i barnehagen.
Innhaldet i barnehagetilbodet til samiske barn utanfor samiske distrikt skal verta tilpass barna sin samiske bakgrunn.
Barnehagar som ikkje har samiske barn markerer også samefokets dag, som er 6. februar.
Samisk kultur er ein del av vår nasjonale arv som alle barn skal møta. Grunnelementa i den samiske kulturen bør inngå i barnehagen sitt innhald, til dømes som temaarbeid.
Lovgrunnlag
Rammeplanen viser til at samiske barn i barnehage skal få støtte til å bevara og utvikla språket sitt, kunnskapen og kulturen sin, uavhengig av kor dei bur i landet. Det vert ikkje stilt krav til at barnehagepersonalet beherskar samisk, men dei tilsette skal ha kjennskap til, og vektleggja den samiske kulturen og det samiske språket i barnehagen.
Kommunen sitt ansvar
Kommunen, som lokal barnehagemyndigheit, skal sørgja for at samiske barn får oppleva kulturen sin, og bevara og utvikla språket sitt. Dette er nedfelt i barnehagelova § 10 tredje ledd. Konkret betyr dette at kommunen må informera om rettane til samiske barn, til dømes på sine heimesider, ha kjennskap til om barnehagane har samiske barn, og sikra at barnehagetilbodet samsvarar med regleverket.
Sist oppdatert