Psykologteam

Psykologteam er eit team som høyrer innunder både Eining barn og familie og Rus og psykiatri. Dette teamet består av tre psykologer som alle arbeidar på tvers av tjenestene.

Psykologteamet arbeider med utgangspunkt i Nasjonal Veileder for Psykisk Helsearbeid Barn og Unge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Nasjonal Veileder Psykisk Helse og Rusararbeid for Vaksne Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. . Målet er at kommunepsykologane skal bidra med lågterskel, forebyggande arbeid med fokus på å løfte psykisk helse i lokalsamfunnet. Arbeidet utgjer tre hovudområde ,rettleiing og kompetanseheving, klinisk pasientretta arbeid, og deltaking i kommunalt plan- og systemarbeid.

Klinisk pasientretta arbeid

Teamet skal jobbe med pasientar med lette til moderate psykiske vanskar som ein tenkjer kan ha utbytte av nokre få samtaler, fortrinnsvis 1-5 samtaler. Dette er viktig fordi det gir innbyggjarar som treng hjelp, eit lett tilgjengeleg tilbod utan lange ventetider. Dette kan bidra til å fange opp psykiske helseutfordringar tidleg og hindre at dei utviklar seg til meir alvorlege problem.

Kommunepsykologane har fokus på endringsfokuserte tiltak som krev psykologkompetanse, heller enn reint omsorgs- og støttebehov. Teamet har ikkje sekretærressursar tilgjengeleg, kort venteliste og ynskjer rask og fortløpande dialog med tilvisarar og pasientar. Teamet har ikkje akuttfunksjon. I kriseteamarbeid kan teamet bli involvert når det er vurdert å vere naudsynt.

Tilvisning

Tilvising til psykologteamet for barn og unge skjer per i dag via Familiestøtte.

Tilvisingsskjema for barn og unge finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Før tilvising til psykologteamet, skal det vere oppretta Stafettlogg rundt barnet, og ein skal arbeide etter BTI-modellen.

Teamet har ikkje individuelle samtalar med vaksne, men bidreg i samtalar ved Rus og psykiske helsetjenester. Tilvising for vaksne skjer via tilvising til Rus og psykiske helsetenester. Tilvisingsskjema finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Rettleiing og kompetanseheving

Kompetanseheving og rettleiing vil vere den største delen av arbeidet i psykologteamet. Teamet har fokus på å gi rettleiing til dei ulike tenestene i kommunen, gjennom faste møtepunkt, etter behov og som planlagde enkeltprosjekt etter førespurnad. Ein kan også invitera teamet som team eller enkeltpersonar inn til drøfting på møter eller for kompetanseheving på eit spesifikt område. I tillegg vert det tilbode meir planlagt kompetanseheving etter førespurnad, i form av kurs og undervisning

Deltaking i system- og planarbeid

Psykologteamet vil bidra i system– og planarbeid på overordna nivå for å forebygge psykiske helseproblem på eit tidleg stadium, sikre betre koordinering av tenester og nå fleire menneske enn berre gjennom individuell behandling. Det gjer at fleire får hjelp tidleg, noko som kan redusere behovet for spesialisert behandling seinare.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?