Vaksinering

1. juni 2025 blei det innført eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Programmet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar som er i risikogrupper.
Vaksinasjonstilbodet omfattar:
- Årleg vaksine mot sesonginfluensa
- Årleg vaksine mot covid-19
- Pneumokokkvaksine til dei som fyller 65 år i år.
Risikogruppene blir definerte av Folkehelseinstituttet (FHI) (sjå under).
Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet
Prisar:
Du betalar ein eigendel når du tar vaksine. Prisane nedanfor gjeld for personar i risikogruppa. Om du vel å ta fleire vaksinar samstundes, vert eigendel lågare (sjå tabell).
Vaksinar som du får tilbod om | Eigendel dersom alle vaksinar blir sette samstundes | Eigendel dersom vaksinar blir sette på ulike tidspunkt |
Sesonginfluensa + pneumokokksjukdom | 301 kr (influensa) + 85 kr (pneumokokk) = 386 kr | 301 kr +110 kr = 411 kr |
Covid-19 + pneumokokksjukdom | 85 kr (covid) + 85 kr (pneumokokk) = 170 kr | 110 kr + 110 kr = 220 kr |
Sesonginfluensa + covid- 19 + pneumokokksjukdom | 301 kr + 85 kr + 85 kr = 471kr | 301 kr +110 kr + 110 kr = 521 kr |
Merk at personar som er fødde før 1960 må betale full pris for pneumokkvaksine (kr 900), sidan dei ikkje er omfatta av finansieringsordninga i vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
For meir informasjon om risikogruper og vaksinasjon kan du lesa her:
Influensavaksine Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Koronavaksine Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Pneumokokkvaksine Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Datoar og klokkeslett for influensa-, korona- og pneumokokkvaksinering 2025:
Kvinnherad kommune tilbyr samvaksinasjon av influensavaksine, koronavaksine og pneumokkvaksine i veke 43:
Rosendal samfunnshus:
20.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
21.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Husnes kulturhus:
22.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
23.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
24.10.25 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Vaksinane kan og setjast hos fastlegen din.
Vaksine mot influensa:
Kven bør ta influensavaksine?
Influensavaksine blir spesielt tilrådd for:
Alle frå og med det året dei fyller 65 år
Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
Gravide etter veke 12 i svangerskapet (2. og 3. trimester), og gravide i 1.trimester som har annan helserisiko
Prematurt fødde barn, særleg dei som er fødde før veke 32 i svangerskapet, frå dei er 6 månader til 5 år
Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjarte- og karsjukdom (med unntak av godt regulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved redusert lungekapasitet og/eller svekt hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (til dømes ved organtransplantasjon, kreft, HIV, reumatoid artritt eller liknande tilstandar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan gi alvorlege komplikasjonar
I tillegg blir vaksinen tilrådd for:
Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar
Personar som bur saman med, eller er i nær kontakt med, personar med sterkt svekt immunforsvar
Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
Kvifor bør eg ta influensavaksine?
- Influensa er ein alvorleg sjukdom som kan føre til lungebetennelse, forverring av kroniske grunnsjukdomar og varig svekt helse. For personar i risikogruppene kan influensa gi alvorlege komplikasjonar.
- Influensavaksine reduserer risikoen for desse komplikasjonane, og kan bidra til å førebyggje alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og i verste fall død.
- Vaksinasjon er spesielt viktig for deg som har auka risiko for komplikasjonar, eller som er i nær kontakt med sårbare personar.
For meir informasjon om influensavaksine, sjå FHI sin nettstad om influensavaksine Lenke til et annet nettsted.
Vaksine mot korona:
Kven bør ta koronavaksine?
Folkehelseinstituttet tilrår ei oppfriskingsdose for følgjande grupper:
- Personar 75 år og eldre
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Personar i alderen 18–74 år som høyrer til ei risikogruppe
- Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Barn frå 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter individuell vurdering av behandlande lege
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
Merk: Dersom du er under 65 år og ikkje sjølv er i ei risikogruppe, men bur saman med ein person med svekt immunforsvar, må du betale full pris for vaksine og vaksinering. Du er då ikkje omfatta av vaksinasjonsprogrammet
Tilbod til andre grupper
- Personar mellom 65 og 74 år som ikkje er i risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet, til same eigenandel som risikogruppene.
- Gravide utan underliggande sjukdom blir ikkje lenger rekna som ei risikogruppe for alvorleg koronasykdom.
- Gravide med underliggande sjukdom blir framleis tilrådde oppfriskingsdose og er inkludert i gruppa «18–74 år i risikogruppe».
Vaksinasjon av barn og unge under 18 år
- Folkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å tilrå grunnvaksinasjon til barn og unge under 18 år utan underliggande sjukdom. Dei får svært sjeldan alvorleg koronasykdom, men enkelte kan trenge sjukehusbehandling.
- Vaksinasjon kan vere aktuelt for barn og unge med alvorleg grunnsjukdom.
Barn i alderen 6 månadar–4 år og 5–11 år får eigne barnedosar.
- For timebestilling for barn: Ta kontakt med din faste helsesjukepleiar
- Barn som har fylt 16 år kan gj samtykke til vaksinasjon sjølve
- For barn under 16 år, krevst samtykke frå føresette. Ved felles foreldreansvar må begge føresette samtykke.
Helsepersonell
- Folkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å gi ei eiga tilråding om ny oppfriskingsdose til helsepersonell generelt. Helsepersonell som sjølv høyrer til ei risikogruppe, blir derimot tilrådde vaksinasjon.
Vaksine mot pneumokokksjukdom:
Kven bør ta pneumokokkvaksine?
- Alle personar over 65 år
- Personar med sjukdom som gir svekt immunforsvar, eller som brukar medisinar som svekkar immunforsvaret
- Personar med kroniske sjukdomar og enkelte andre tilstandar som aukar risikoen for alvorleg pneumokokksjukdom
→ Snakk med fastlegen din dersom du er usikker på om du er i ei risikogruppe
- Personar med auka smitterisiko gjennom arbeid, til dømes:
- Laboratoriepersonell
- Personar som blir eksponerte for sveisarøyk
Tilbod om pneumokkvaksine til deg som er fødd i 1960
I tråd med vaksinasjonsprogrammet for vaksne får alle som er fødd i 1960 tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris. Vaksinen som blir brukt, er Prevenar 20, og kostar kr 110 dersom ho blir sett åleine. Om ho vert sett samstundes med andre vaksiner (samvaksinasjon, kostar ho kr 85. Sjå tabell.
Dei som ynskjer pneumokkvaksine og som er fødd før 1960 må betale full pris for vaksinen, 900 kroner. Det er per i dag ikkje anbefala påfyllingsdosar seinare.
Du får òg tilbod om influensavaksine og koronavaksine samstundes med pneumokokkvaksinen. Det vert gjeve prisreduksjon ved samvaksinasjon, sjå tabell i denne pdf-en pdf, 233 kB, åpnes i nytt vindu.
Vaksine mot kikhoste:
Kikhoste vert forårsaka av bakterien Bordetella pertussis, i familien Bordetella, og vert rekna som ein svær smittsam sjukdom. Kikhoste startar som ei vanleg forkjøling, men etter om lag éi veke kan ein få kraftige hosterier. Den kraftige hosten kan vara i opptil tre månadar (tidlegare vart kikhoste kalla for «hundredagarshoste»).
Dei to siste åra har Noreg og fleire europeiske land sett ei kraftig auke i kikhoste. Vi veit ikkje heilt årsaka, men truleg er det ein kombinasjon av «immunologisk gjeld» etter koronapandemien og fallande vaksinasjonsdekning i fleire europeiske lang.
Sjukdomen kan vera farleg for små barn, spesielt for spedbarn, fordi dei kan slutta å pusta i samband med hosteanfalla. Om lag 1/3 av dei minste barna må leggjast inn på sjukehus.
Før kikhostevaksinen blei tatt inn i det norske barnevaksinasjonsprogrammet, i 1952, opptredde periodiske kikhosteepidemiar med 4-5 års mellomrom. Høgast førekomst av kikhoste i Noreg vart meldt i 1949 med 48 567 tilfelle, der 80 barn døydde.
Kve bør revaksinera seg:
- Frå og med mai i år får alle gravide tilbod om vaksine i veke 24. Dette for å beskytta det nyfødde barnet fram til første dose i barnevaksinasjonsprogrammet ved 3 månadars alder.
- Alle som ikkje har vaksinert seg mot kikhoste siste 10 år, og særleg dersom du regelmessig er mykje med små barn.
Vaksinen som vert brukt til revaksinasjon (Repevax eller Boostrix polio) gjev òg fornya beskyttelse mot stivkrampe, difteri og polio. Det er ei velutprøvd vaksine med svær få biverknadar.
Kontakt helsesenteret, eller ta elektronisk kontakt med fastlegen din, for å få resept å vaksinen. Vaksinen kan anten setjast på apoteket, helsesenter eller på helsestasjonen.
Reisevaksinering
Kvinnherad kommune sitt tilbod om tuberkuloseundersøking, yrkesvaksinering og reisevaksinering vert utført på Husnes helsestasjon i Aksen 2.etg.
Kontoret er ope kvar onsdag 08.00-15.30.
Tuberkuloseundersøking er lovpålagd, og difor vert dei aktuelle kalla inn til time.
Dersom du treng yrkesvaksinering eller reisevaksinering, må du avtala time på førehand.
Anbefalar å bestilla time i god tid, då einskilde vaksiner har lengre bestillingstid eller krev fleire doser med visst intervall.
For bestilling av time, reiseråd etc. ta kontakt på telefon.
- Line S Holmedal: 91 85 02 65
- Elin Johnsen Eskeland: 47 61 92 08
Ein kan òg kontakta helsestasjonen sitt sentralbord der ein kan be om å bli ringt tilbake dersom dei ansvarlege er opptekne. Tlf: 53 46 16 20
På FHI finn ein oversikt over kva reisevaksinar ein bør ta i dei ulike landa: www.fhi.no/vaksine/reisevaksiner/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
