Jordmorteneste og svangerskapsomsorg

Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor eller fastlege. Me tilrår å koma til ein rettleiingssamtale med jordmor tidleg, og deretter følgja svangerskapsprogram.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidreg til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekka risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og vegleiing vil me gje støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møta den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar.

Jordmortenesta har følgjeteneste knytt til fødsel, og kontinuerleg vaktordning.Ved å ringe vakttelefon 400 31 141 kjem ein i kontakt med jordmor som har vakt. Det er ikkje mogleg å kommunisere med SMS på dette telefonnummeret.

Nye gravide som ynskjer oppfølging hos jordmor, kan ta kontakt med Irene Haavik eller Hildegunn Aarthun. Måndag eller torsdag er jordmor tilgjengelig for timebestilling. Ein kan òg ta kontakt med helsestasjonen alle virkedagar for timebestilling, avbestilling eller ombestilling.  

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay