Meistringskurs for engstelege barn og unge

Kvinnherad kommune har tilbod om meistringskurs for engstelege barn og unge. Dette kurset vert kalla Cool Kids for born (7-12 år) og Chilled for ungdom (13-18 år).

Det er vanleg at barn og unge opplever å vera engstelege i ulike situasjonar og i periodar i livet. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer ein periode før det slepp taket. For nokre vert dette likevel vedvarande plager som får fylgjer for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida. Då kan det vere nyttig å læra seg korleis ein fortsatt kan gjere det som er bra for seg sjølv, sjølv om det kan kjennast vanskeleg.

Om Cool Kids og Chilled kurset:

Innhaldet i kurset er basert på kognitiv åtferdsterapi for angst og engstelse. Hovudelementa er bevisstgjering av eigne kjensler, utfordring av tankar og antagelsar som bidreg til å oppretthalda angst, samt gradvis eksponering for å meistre angstframkallande situasjonar. Målet med Cool Kids og Chilled er å læra born og ungdom ferdigheiter som gjer dei betre rusta til å handtera angst og bekymring.

Cool Kids gjennomførast hovudsakeleg i grupper, og vert tilpassa ulike aldersgrupper. Programmet er retta mot fleire ulike typar angst og engstelse.

Kommuen planlegg ei Cool Kids- og/eller Chilled gruppe i halvåret, avhengig av behov. Våren 2026 vert kursa haldne på Husnes. Behovet vert vurdert ut frå elevar som har meldt interesse for kurset. Både elev, føresette, skule og andre faggrupper (etter samtykke frå elev og/eller føresette) kan melde inn born og ungdom som kan ha nytte av å delta i kurset.

Kurset består av 10 møter over ca. 14 veker. For barnegruppa er det lagt opp til at foreldra deltek i kurset, mens for ungdomsgruppa er det lagt opp til to foreldremøte. I forkant av kurset er det alltid ei individuell kartlegging med barn og føresette.

For påmelding, ta kontakt med Anne Margrethe Matre Vangsnes/Liv Solfrid Øvstebø Berge (4.-7. klasse) eller Birgitte Mæhlum/Gunn Heidi Eikemo Steine (8.-10. klasse). For spørsmål om kurset, send gjerne ein SMS.

Anne Margrethe: 41654603

Liv Solfrid: 47473998

Birgitte: 47799109

Gunn Heidi: 94165714

Påmeldingsfrist for våren 2026 er 2. februar.

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay