Kommunen skal fremja folkehelse gjennom helsefremjande og førebyggjande tiltak, og gje tilbod om behandling og trening etter skade og sjukdom. Fysioterapi kan vere ein del i eit rehabilitering- og habiliteringsforløp. I Kvinnherad kommune har vi kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.

Kostnadane er dei same kven du går til, prisane er regulert av takstplakaten (link).
 

Kommunale fysioterapeutar

Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane yter primært tenester til born og unge i helsestasjon- og skulehelsetenesta, personar med langvarige og samansette problem, institusjonsbebuarar, personar med trong for rehabilitering samt vaksne og eldre som ikkje kan nytta tilbodet hos fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.

Tenesta krev utfylling av henvisningsskjema (link) eller dokumentasjon/informasjon frå lege. Henvisningar vert registrert på venteliste etter prioriteringsgrad. Tiltak og tilbod vert vurdert etter undersøking og funksjonsvurdering av ein fysioterapeut. Aktuelle tiltak kan vera individuell behandling, gruppebehandling, tilrettelegging, rettleiing/råd og opplæring.

Fysioterapi til barn og ungdom
Eit tilbod til born/unge med samansette funksjonsproblem, born med avvikande motorisk utvikling eller born/ungdom med skade i røyrslesapparatet.

Kommunen har ein fysioterapeut tilsett med spesialkompetanse på born og unge. Barnefysioterapeuten har behandlingslokal på Husnestunet. Når det er hensiktsmessig kan barnet motta tenesta i heimen, barnehagen eller skulen.

Tenesta omfattar

  • Undersøking, vurdering og behandling av born med avvikande eller sein motorisk utvikling
  • Rettleiing og behandling av born med nedsett funksjonsevne
  • Rettleiing og råd til foreldre, barnehagar og skular når det gjeld å ivareta og stimulera til barnet si motoriske utvikling
  • Bistand i samband med å prøve ut, søkja om og tilpassa hjelpemidlar
  • Gruppetilbod i varmebassenget på Husnes

Barnefysioterapeuten deltek fast på 4 månadersgruppe på helsestasjonen.

Fysioterapi til vaksne og eldre
Tilbodet skal vera med å førebyggja og behandla eit funksjonstap som skjer ved sjukdom og naturleg aldring hos eldre

Tenesta omfattar

  • Individuell kartleggjing og oppfølgjng
  • Undersøking, funksjonsvurdering, behandling og rettleiing
  • Treningsgruppe for eldre
  • Treningsgruppe - nevrologi
  • Gruppetilbod i varmebasseng
  • Hjelp til å søkja om tekniske hjelpemiddel

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale arbeider på eigne institutt. Dei gjev primært eit tilbod til unge, yrkesaktive vaksne og eldre med avgrensa problemstillingar. Du treng ikkje henvisning frå lege for å koma til hos fysioterapeut. Timebestilling direkte hos den einskilde terapeut.

Tenesta omfattar
Undersøking/vurdering, behandling og rettleiing individuelt og i grupper.