Kommunen skal fremje folkehelse gjennom førebyggjande og helsefremjande tiltak, og gi tilbod om tilrettelegging og oppfølging ved funksjonsnedsetting. Ergoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføra daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Ergoterapi kan vere ein del av eit habiliterings- og rehabiliteringsforløp.

Tenestene våre krev utfylling av henvisningsskjema eller dokumentasjon/ informasjon frå lege. Tiltak og tilbod vert vurdert ut i frå ein totalvurdering gjort av ergoterapeuten. Tiltaka vert tilpassa den einskilde sitt behov, og kan omfatta m.a. individuell trening, gruppetrening, tilrettelegging eller opplæring/rettleiing/råd.

Henvisningar vert registrert på venteliste etter prioriteringsgrad. 

Tenester

  • Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus på aktivitet og deltaking
  • Gruppetrening
  • Kvardagsrehabilitering
  • Råd og rettleiing i forhold til fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nye bygg.
  • Rettleiing og trening i forhold til å fungera i dagleglivet
  • Hjelp til å søkja om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil m.m.
  • Opplæring i bruk av hjelpemiddel

Tenestene er gratis.

Telefonliste ergo- og fysioterapi.