Kven vil ha nytte av tablettar? 

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar: 

• Dei som har alvorleg immunsvikt 
• Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
• Alle som er over 80 år 

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar. Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakta fastlegen din eller legevakt. Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du venta med å kontakta fastlegen. Viss symptoma blir verre, bør du kontakta lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona. 

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk? 
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss: 

• Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret. 
• Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksine dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
• Du er over 80 år 
• Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine. 

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helse Norge

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.