Eit levande lokalsamfunn har attraktive stader, og eldsjeler/ressursar som står på. Dette kan vere enkelt, men samstundes kan det være noko krevjande å få til. Kommunen, og plankonsulenten Norconsult, inviterer deg og dine til folkemøte med ideverkstad der vi set fokus på:

  1. Korleis kan Sunde bli meir attraktiv?

  2. Korleis kan vi mobilisere gode «ressursar» på Sunde framover?

Me håpar du vil bidra til eit enno betre lokalsamfunn på Sunde, og at du kan sette av ei tidleg kveldsstund i juni til å bidra! Me tilbyr ein aktiv og interessant kveld – som startar med betasuppe klokka 16.30, og er ferdig i god tid før 21-nyheitene!

Kvar og når: Sunde skule tysdag 4. juni 16.30 (17.00) – 20.15                              
Korleis:

  1. 16.30 – 17.00 Betasuppe og kaffi (dersom du rekk det)

  2. 17.00 – 17.15 Velkommen og informasjon om planarbeidet

  3. 17.15 – 20.00: Gruppearbeid
    Etter den såkalla «kafé-metoden», og med kaffi/pause undervegs:Dette vil sei at vi deler inn i grupper som flytter seg rundt og arbeider i 30 min. om gangen med litt ulike tema/vinklingar. Stikkord: tilgong til sjø, møtestader/aktivitetar, moglegheiter for næringsliv og offentlege tenester, utbygging/vern, trafikkutfordringar m.m. I heile runden prøver vi å gjere innspela konkrete, dvs. plassere aktivitetar og eldsjeler/ ressursar/ organisasjonar på konkrete stader på kartet, og teikne litt der det er mogeleg!

  4. 20.00 – 20.15: Avslutning og oppsummering

Påmelding: 
Av omsyn til tinging av mat, til lokale og organisering av kvelden, ber vi om ein enkel påmelding innan 30. mai til mona.hermansen@norconsult.com der du opplyser om:
1. Namn
2. Alder
3.  Om du representerer ein organisasjon, et lag, ein bedrift, etat mm. 
4. Om du vil ha betasuppe!

Hjarteleg velkommen!