Kontakt

Styrar

Ellinor Sandvik Gaasdal
Ellinor S Gaasdal
Mobil: 48 26 98 31

Avdelingar
Nordigarden, tlf. 46 95 68 39
Sørigarden, tlf. 46 94 91 62
Midtimellom, tlf. 46 92 14 57
Nerigarden, tlf. 46 95 42 08

Adresse
Hamrabrekko 14
5450 Sunde

Opningstider: 06.30 - 16.30

Om barnehagen

Sunde barnehage har 4 avdelingar med plass til 62 barn i alderen 1-5 år.

Personalet er engasjerte, samarbeidsvillige og dyktige. Me har i mange år jobba med kompetanseløftet “Vera saman, der dei vaksne er autoritative grensesetjarar med gode relasjonar til alle barna. Me jobbar målretta i høve tidleg innsats, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå. “ Vera saman er tema på personalmøta, pedagogisk leiarmøta og avdelingsmøta. Men først og fremst er det “tema” kvardagen vår, i møte med det enkelte barnet. 

Leiken har ein sentral plass i barnehagekvardagen vår. Det er gjennom denne at barna lærer seg dei viktigaste reglane for samhandling. Dei tilsette har ei viktig oppgåve ved å leggja til rette for allsidige opplevingar som kan stimulera fantasien og den viktige leiken. Barna får høve til å nytta leiken til å bearbeida inntrykk og opplevingar, gode som vonde. I Sunde barnehage oppmodar me barna til å inkludera andre i leiken, men me vil og kan ikkje bestemma kven og kva barna skal leika med. Me skal likevel sjå til at alle får same høve til å leika , og ingen skal verta ekskludert. 

Sunde barnehage ligg fint til for turar i nærmiljøet, og dette vert aktivt nytta. Bl.a. er Trollskogen eit populært turmål, med kvilehytta, troll, andre eventyrfigurar og klatrepark. Barnehagen har og vore med på å utvikla dette området. Eit anna mykje besøkt område er sjøen og stranda, og mange prosjekt har vorte til med utgangspunkt i det som finst der. 

Barnehagen ligg like ved Sunde skule, og me har eit godt samarbeid med dei. Overgangen for dei som skal byrja på skulen er difor god. Me får nytta gymsalen når den er ledig, og det er veldig populært å få vera på skuleplassen og klatra, sykla. m.m.