Her blei vi teken godt imot frå kommune og næringsliv. Vi fekk mellom anna omvising på Fjord Base - eit imponerande næringsområde som har vore i sterk utvikling sidan 1985. Aktiviteten som er der i dag er svært imponerande med stor næringsvariasjon. Dei har òg fått store løyvingar frå Enova til hydrogensatsing og oppnådd svært gode resultat innan torskeoppdrett.

Elles var naturleg nok kraft og tilgang på nok energi eit viktig tema. Gjennom prosjektet Energisenteret har kommune og næringsliv gjennomført ei omfattande kartlegging i høve til framtidige grøne satsingar. Det var òg spennande å høyre om eit svært konkret prosjekt innan bølgjekraft som skal levere energi til oppdrettselskapet Svanøy Havbruk.

Grøn region Vestland viser til 16 Hub'ar i Vestland som har eit særleg stort potensiale i høve industriutvikling, denne turen var såleis eit møte mellom to av Hub'ane i sør og nord i Vestland.

Sjå Hub-presentasjon

Vedlagt finn du ein del bilete og artiklar om dei ulike satsingane. Er det nokon som ønsker at vi formidlar kontakt kan du høyra med næringssjef i Kvinnherad, Grete Solheim.

Næringslos Frode Hetlevik fekk mange potensielle føredragshaldarar på blokka til Kvinnheradkonferansen i september.

Vi takkar så mykje for eit flott vertskap, dette var verkeleg inspirerande og lærerikt.  

 

Fjord Base

Havkraft og Svanøy Havbruk

Havlandet, torskeoppdrett

Hyfuel og hydrogensatsing

Energisenteret i Florø

Slakteriet i Florø planlegg flytting til nye lokaler og ei totalinvestering på kr 682 millioner.

Slakteriet-as.no/floro