15. september vert verdas største ryddeaksjon arrangert, vi skal rydde Hardangerfjorden!

Målet er å få rydde plast og avfall frå fjorden. Då håpar vi at vi får så mange som mogleg vil vere med på dette.

Ein ynskjer difor at skular, barnehagar og frivillige organisasjonar skal delta på denne aksjonen. Dette vert ein innsats for å hindre mikroplast i havet. Forskarar frå Norce skal nytte denne aksjonen til å sjå kor mykje mikroplast det er i fjorden og kunne vurdere effekten av plastrydding.

Aksjonen er kun èin dag, (altså 15. sept.), der ein skal mobilisere så mange som mogleg. Det er planlagt organisert henting av avfallet ein finn, her skal ein nytte appen rydde som er utvikla til formålet, her legg ein inn kor ein har rydda og kor avfallet kan hentast. Avfallet skal sorterast og attvinnast etterpå, av eit firma som heiter Ogoori- som driv med dette.

Alle som er med å plukkar skal registrere seg på appen – rydde. Enten som lag/organisasjon eller enkeltindivid.

Dei som deltek får gratispass til FjordenAid – som blir ein minifestival/konsert 16.09.22, som markering og takk for dei som er med å ryddar- denne skal arrangerast her i Kvinnherad.

Dette er ein stor aksjon som skal skje frå innerst i Eidfjord til ytst i Sunnhordland. Kommuneleiinga med ordførarar samt næringslivet er engasjerte i alle desse kommunane.

I dette vedlegget er ein god del informasjon, samt at meir informasjon kjem, men gå gjerne inn på nettsida: www.reinhardangerfjord.no

Det er oppretta eit arrangement på friskus: https://kvinnherad.friskus.com her ligg og litt informasjon. Del gjerne linken vidare med aktuelle lag og organisasjonar eller enkeltpersonar som du tenker dette passar for.