I Kvinnherad finn ein spor av ei rik historie knytt til støling. Steinmurar i fjellet og minner av sel og stølsliv, møter ein når ein vandrar i fjellet på gamle vegar og stiar. Nokre av dei gamle stølane har vorte restaurert og vølt til turhytter kor ein no kan kvila på turar i marka og i fjella. Ein meiner det har vore over 200 stølar og setrar i Kvinnherad.

Livet på stølane, i dalane og på fjella, var strevsamt og hardt før i tida. Men, det var òg ei kjærkomen sommartid og eit avbrot, særleg for kvinnene. Med venninner og kjente på stølen var det liv, leik og prat i seine sommarkveldar. Mange har gode minner og kjenner til historier frå livet på stølane.

Ingeleiv Klette, Anne Lise Nygård og Kirsten Skåla fortel frå stølslivet og om kor viktig det er å fortelje vidare. Kaare Skaala har vore med som gutunge på stølen, og har elles mykje å fortelje om seterdrifta. Kåre Haugse har registrert stølane i Kvinnherad. Han og Jarle Røstbø tek oss med til Dyrrindo, og fortel om stølen som er restaurert til dagsturhytte.

Stølane var ein viktig del av gardslivet og landbruksnæringa i kommunen vår. Vi får høyre om Midtsetre i Melsdalen og Kjeldestøl i Skåladalen, og vi får høyre om Dyrrindo i Bergsdalen, oppunder Ulvanosi. No vil fleire og fleire turglade leggje turen til stølar og buer, og høyre historia om desse. Friluftslivet i dag vert ein måte å formidle desse kulturminna og historiene vidare.

Filmen om stølar i Kvinnherad er den andre filmen om kulturminne i Kvinnherad. Denne filmen er produsert av Merethe Offerdal Tveit. Musikk blir spelt av Kari Eide, og det er Karin Thauland som lokkar.

Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminne og plan for desse i Kvinnherad, og som eit døme på korleis nokon fører kulturarva vår vidare.

Ta gjerne kontakt med oss i kommunen, og bli med på arbeidet med denne kommunedelplanen. Alle kan delta. Sjå òg informasjon om gjestebod og månadens kulturminne.