Tre korte tips:

Kjenn trafikkreglane
Som syklist er det viktig å vite at du generelt er definert som «køyrande». Det betyr at du for det meste skal oppføra deg som en bil, inkludert å følgje skilt og å halda fartsgrensa. Her kan du sjå generelle lover og reglar som gjeld for deg som syklar.

Beskytt hovudet
Dei aller fleste alvorlege skader som rammar syklistar er støyt mot hovudet. Dermed blir bruk av ein god sykkelhjelm det viktigaste du kan gjera for å ta godt vare på deg sjølv i trafikken. Her kan du lesa om kvifor ein god hjelm skal vera på plass når du syklar. Les også viktige råd om korleis hjelmen skal sitta, og korleis du finn den rette sykkelhjelmen.

Ver ein klok syklist
Du kjem langt på to hjul om du har eit klokt og bevisst forhold til det å sykla. Her kan du lesa eit utval kloke tips for deg som er glad i sykkelen, og her kan du lesa alt om korleis du bør gå fram for å ha gode sykkelopplevingar om vinteren.

Elles kan du finna fleire tips og råd angåande sikker bruk av sykkel HER