fhiplakat.png

Information in other languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for å få luftvegsinfeksjonar, inkludert infeksjonar med koronavirus. Luftvegsinfeksjonar omfattar fleire ulike sjukdomstilstandar, der forkjølelse og influensa er mest utbredt i befolkninga.

  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vann, særskilt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg. Dersom hendene er synleg skitne eller våte har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør reingjerast med såpe og vatn.

  • Det vert anbefalt å ha tørkepapir tilgjengeleg til bruk når du hostar og nys. Har du ikkje det er olbogekroken eit godt alternativ.

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og, når det er mogleg, hald minst ein meter avstand til personar med luftvegssymptom.

  • Koronaviruset smittar som ved forkjølelse og influensa ved at virus overførast frå luftvegane hos ein sjuk person. Dei fleste som blir smitta vil truleg få luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, mens nokon kan utvikla alvorlegare sjukdom med blant anna lungebetennelse.

Forebygge smitte.png