- Markeringa i år er viktigare enn den har vore på lang tid, seier Svein Rekkedal frå NVIO (Noregs Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar), og tenkjer på den pågåande krigen.
-Så må ein hugsa på at veteranar er òg unge kvinner og menn, ikkje minst er markeringa òg for pårørande, supplerer Lars Børge Sæberg frå NROF (Norsk Reserveoffiserars Forbund).

Det vil vera to markeringar, éi i Rosendal kl. 11 og éi på Husnes kl. 13.

Program Rosendal:
Appell ved ordførar Hilde Enstad
Tale og kransenedlegging ved Synnøve Handeland

Program Husnes:
Appell ved ordførar Hilde Enstad
Tale og kransenedlegging ved Marianne Nordhus

Lars Børge Sæberg og Svein Rekkedal vil òg vera til stades ved begge markeringane.