Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
18. juni kl. 08:04

Smittetilfelle: 0

Les meir clear
error_outline
14. juni kl. 08:30

Koronatelefon for vaksine og testing: 908 60 166. Måndag til fredag frå klokka 08:00 til 10:00 og frå klokka 13:00 til 14:30.

Les meir clear

Skogen i Kvinnherad

skogsmaskin.png

Kvinnherad har eit total areal på om lag 1137 kvadratkilometer, der om lag 250 er produktiv skog. Det er ca. 60 000 dekar kulturskog, resten likt fordelt lauv- og furuskog. Tilveksten i kulturskogen blir rekna til kring 1 kubikkmeter per dekar per år. Dette gir ein tilvekst i Kvinnherad på om lag 60.000 kubikkmeter tømmer per år.

I naturskogen reknar ein tilvekst på 0,1 kubikkmeter per dekar og år, totalt om lag 20 000 kubikkmeter tømmer per år.

Det er 842 skogeigedomar i Kvinnherad registrert i skogfondssystemet. Gjennomsnittsstørrelsen på eigedomene er om lag 200 dekar.

 

  Tømmerhogst maskin

Tømmerkai

Foto: Tore Eik

Publisert | Oppdatert 19. mars 2021