Visjonen vår er: Vår barnehage ynskjer varme og grensesettande vaksne med relasjonar som skaper trygge og nysgjerrige barn.
Vi har ekstra fokus på betre inkluderande barnehage- og skulemiljø og språkløypa dette året.

Betre inkluderande barnehage- og skulemiljø
Ei forlenging og ei vidare utvikling av Vera saman-satsinga vår. Alle barn og vaksne skal høyra til, vera med der ting skjer. Utestenging og mobbing skal ha tronge kår. Det stiller store krav til oss som jobbar i barnehagen. Vi skal alltid vera på vakt og ta vare på alle barn. Vaksenrolla er og blir viktigaste hjelpemiddel vi har. Relasjonar til kvart barn skal ha høg kvalitet. Vaksne skal vera venlege mot barna, men samstundes stilla tydlege krav i kvardagen .

Barna sin sosiale status står i samanheng mellom kor god det einskilde barnet er til å uttrykkja seg, både verbalt og kroppsleg. Er du god til å snakka for deg og gjera deg forstått blant andre barn, får du høg status. Dei barna som slit språkleg, får noko lågare status. Denne samanhengen vil Bringedalsbygda barnehage gjera noko med.

Vi jobbar difor mykje med:

Språkløypa
Kvardagsspråket står i fokus. Dei små kvardagsfellene skal vi plukka bort. «Vil du ha den» blir til «du vil ha mjølk», til dømes. «Den» kan vera ein spade eller ei bøtte. Vi ber foreldre vera obs på desse små kvardagsfellene som kan få betyding for språkutviklinga.

Høgtlesing
Så ofte vi får det til, i grupper eller individuelt. Bøkene skal høva for barna du les for. Det stiller krav til likestilling og likeverd mellom gutar og jenter. Det vi les, skal fanga opp det barnet er oppteken av.

Kvardagssamtalen med barna, ved måltid, samling, på turar, i leik inne og ute…, over alt snakkar vi/er «sportskommentatorar». Dette er viktig språkstimulering.

Bygda er ein viktig ressurs for oss. Uteområdet vårt er der barna vil gå til for å oppleva noko kjekt, få til ein god leik, eller å sjå på ulike dyr rundt oss. Mulighetene er mange for den som vil sjå!! Lokal kunnskap til bygda får vi på turar.