Sju av totalt åtte flotte lærlingar møtte, der to tek barne- og ungdomsfag og seks tek helsefag. Dei trer no inn i eit lærlingløp på to år. Med seg hadde dei sine dyktige vegleiarar frå dei einingane dei startar læretida si i. 

Kvinnherad kommune gler seg over å få med fleire lærlingar i tillegg til dei som allereie er godt i gang, og ynskjer alle mykje lukka til!