Rune Tyse Helland har takka ja til jobben som leiar for planavdelinga i Kvinnherad kommune. Han kjem frå eiga arkitektverksemd og har ein omfattande og variert karriere; dei siste 20 åra med vekt på planlegging der han har hatt oppdrag på alle plannivå – både for private utbyggjarar og kommunar. Rune har i tillegg kunnskap og erfaring med byggesaker, prosjektering og samordning av mange fag.

Rune har klare haldningar til behovet for eit grønt skifte. Han er også oppteken av samanhengen mellom bygging og økonomi, og at ein i planlegging skal omsetja kunnskap til politikk. Dette treff godt med Kvinnherad kommune sitt fokus på berekraft, næringsutvikling og bustadbygging. Erfaringa hans frå privat entreprenørskap vil vere ekstra verdfull i denne samanhengen.

Sjølv seier Rune dette om forventingane til jobben: -Kvinnherad er ein kommune med mange mogelegheiter, men og mange utfordringar. Jobben som plansjef inneber samarbeid på mange plan for å få fram gode verkty for samfunnsutviklinga. Det eg har sett av planer i kommunen held eit høgt fagleg nivå. Eg ser derfor fram til å bli ein del av eit sterkt fagleg fellesskap som også i framtida kan tene kommunen og innbyggarane på best mogeleg vis.

Rune tek til i jobben allereie før jul. Han er bufast på Kalandseidet og ser seg no om etter eit krypinn i Rosendalområdet slik at kabalen med vekependling kan gå opp.

 

(Foto: Tore Hegdahl)