Kontakt

Tlf. 53 48 60 00

Styrar
Marit Skåla
Tlf. 958 31 977

Avdelingar
Årmannstovo, tlf. 415 53 792
Samslåtto, tlf. 970 36 477

Adresse
Goto 26
5470 Rosendal

Opningstider: 06.45 - 17.00

Heimeside: https://fus.no/rosendal

Om barnehagen

Rosendal FUS barnehage ligg sentralt plassert i bygda, og har i tillegg til eit flott uteområde, heile Rosendal og området rundt som leikeplass og turmål. Baroniet Rosendal, Steinparken, Vangsago og skuta Gurine er populære turmål.

Samslåtto er småbarnsbasen med barn 0-3 år. Dei held til i første etasje og har masse areal og stor tumleplass til leik, aktivitet og kvile. Gruppene på Samslåtto heiter Putt og Kalvatre. Årmannstovo er storebarnsbasen med barn 3-6 år. Dei held til i andre etasje. Frå hausten 2021 vert det tre grupper på Årmannstovo. Gruppene her heiter Kjeldestøl , Grønestøl og Midtseter. Gruppenamna har vi teke frå nærområdet vårt.

Både plasseringa til barnehagen, interessene til barna og dei tilsette er bakgrunnen for at vi flyttar mykje av læringa ut i naturen. Hovudmålsetjinga er, I Rosendal FUS barnehage brukar vi naturen som læringsarena heile året. 

Vi brukar begrepet TUR MED RETUR  i dette arbeidet. Det kjem opprinnelig frå eit samarbeid mellom Tine.no, Hold naturen ren og Cecilie skog. Fokuset er å ta vare på naturen, rydde opp etter seg og ta med litt meir heim enn ein tok med ut i naturen. Returlast for oss kan vere alt frå søppel, ny kunnskap, gode opplevingar, gryande vennskap og skattar vi har samla. Det vi tek med i retur skal inspirere til samtale, leik og læring tilbake i barnehagen.

Leik og vennskap skal alltid ha stort fokus. Dei voksne i barnehagen har god kompetanse på leik og relasjonsbygging. Eit mål for oss er å gjere barnehagedagen trygg og god for alle barn. Vi skal vera glødande, skapande og tilstades ilag med barna. Vårt mål er at; "I Rosendal FUS barnehage skal alle ha nokon å leika med".

BARNET FØRST er FUS sitt slagord for ei felles satsing og kompetanseheving i alle FUS barnehagane i landet. Denne satsinga bygger på eit forskingsbasert program TIK (Tuning into kids). Dette kan du lese meir om i årsplan 2020/2021

Vil du vite meir om oss er du velkommen til å ta kontakt.🌹🌹🌹

Velkommen til Rosendal FUS barnehage.