Kontakt

Tlf. 53 48 60 00

Styrar
Marit Skåla Seglem
Tlf. 941 76 974

Avdelingar
Årmannstovo, tlf. 415 53 792
Samslåtto, tlf. 970 36 477

Adresse
Goto 26
5470 Rosendal

Opningstider: 06.45 - 17.00

Heimeside: https://fus.no/rosendal

Om barnehagen

Rosendal FUS barnehage ligg sentralt plassert i bygda, og har i tillegg til eit flott uteområde, heile Rosendal og området rundt som leikeplass og turmål. Baroniet Rosendal, Steinparken, Vangsago og skuta Gurine er stader vi ofte legg turane våre til.

Samslåtto er småbarnsbasen med barn 0-3 år. Dei held til i første etasje og har masse areal og stor tumleplass til leik, aktivitet og kvile. Gruppene på Samslåtto heiter Putt og Kalvatre. Årmannstovo er storebarnsbasen med barn 3-6 år. Dei held til i andre etasje. Gruppene her heiter Kjeldestøl og Midtseter. Gruppenamna har vi teke frå nærområdet vårt.

Barnehageåret 2018/ 2019 er året der vi i Rosendal FUS barnehage vil endre rutinar og implementere nye arbeidsmåtar for å verte ein friluftsbarnehage. Både plasseringa til barnehagen, interessene til barna og dei tilsette har ført til at vi no vil flytte mykje av læringa ut i naturen. Hovudmålsetjinga er, I Rosendal FUS barnehage brukar vi naturen som læringsarena heile året.

I tillegg held vi fram med satsinga på Språk og god kommunikasjon. "Språkleg kompetanse er avgjerande for å kunna kommunisera med andre, delta i leik og ha medverknad i kvardagen. Språkleg kompetanse er også viktig med tanke på skulegang og deltaking i arbeidslivet i framtida." - Årsplan 2018/ 2019.

Leik og vennskap skal alltid ha stort fokus. Dei voksne i barnehagen har god kompetanse på leik og relasjonsbygging. Eit mål for oss er å gjere barnehagedagen trygg og god for alle barn. Vi skal vera glødande, skapande og tilstades ilag med barna. Slagordet vårt er; "I Rosendal FUS barnehage skal alle ha nokon å leika med".

Velkommen til oss!

VI HAR LEDIGE BARNEHAGEPLASSER FOR BARN 0-6 ÅR.