Korona og røysting

Med bakgrunn i vallova §9-3 c(3) og § 9-6 a, er det i år mogleg å røysta heimafrå på valdagen den 13.09. Nasjonal frist er sett til innan kl. 10 på valdagen for innbyggjar å melda i frå om slikt behov, og røystene må vera mottekne innan kl. 2100 valdagen.

Ordninga gjeld for innbyggjarar som er isolerte (koronapositive eller i smittekarantene med symptom), i innreisekarantene, i smittekarantene (nærkontakt), eller som har nyoppståtte luftvegssymptom/sjukdomskjensle. Dersom du kjem inn under ei av desse gruppene, kan du ta kontakt med koronatelefonen måndag 13.09. mellom kl. 08-10 og få råd og hjelp til korleis du kan gjennomføra røysting.