NVE avgjorde den 25.04.2022 at konsesjonsvilkåra for reguleringar i Maurangervassdraga skal reviderast.

På bakgrunn av krav frå Kvinnherad og Ullensvang kommunar, og føringar frå NVE, har Statkraft Energi utarbeidd eit revisjonsdokument. Dette skildrar mellom anna reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet vert no lagt ut til offentleg høyring. NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttale seg. Revisjonsdokumentet og fråsegnene vil utgjera ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.

Revisjonsdokumentet er tilgjengeleg her.

Revisjonsdokumentet er lagt ut for gjennomsyn på Rådhuset i Rosendal og Kvinnherad bibliotek på Husnes.