Etablerarfondet
MERK!
VESTLAND FYLKESKOMMMUNE HAR IKKJE LØYVD MIDLAR TIL REGIONALT ETABLERARFOND FOR 2022!
Hordaland fylkeskommune oppretta ordninga med tre regionale etablerarfond i 2015. Etablerarfondet i Sunnhordland er det Samarbeidsrådet som har vore forvaltar for. Etter samanslåinga til Vestland fylkeskommune, har det frå 2021 ikkje vore løyvd midlar til regionalt etablerarfond for Sunnhordland.
korleis søkjer eg?
Alle søknadar skal sendast digitalt. Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrere deg som organisasjon. Om ikkje skal du registrera deg som privat. Lenkje til sida: www.regionalforvaltning.no
Ta kontakt med Samarbeidsrådet for meir informasjon og rettleiing:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS
Telefon: 97 77 59 50
E-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Krav til søknader og prioriteringskriterier:
Søknaden må tilfredsstilla nokre krav kor dei viktigaste er:
- Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.
- Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder som er etablert det året det vert søkt om midlar, eller prosjekt som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonforetak reknast også som verksemd i denne samanhengen.
- Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden» Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.
- Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.
Forvaltninga og verkemiddelbruken skal vera i tråd med «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar av 1. januar 2014». For regionale etablerarfond betyr dette at det kan gjevast tilskot til enkeltbedrifter og etablerarar. Midlane kan ikkje brukast til:
- a) Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
- b) Kausjon eller annen økonomisk garanti
- c) Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
- d) Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
Slik søkjer du
Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no og skal innehalde:
- Ein omtale av tiltaket det søkast om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
- Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
- Forventa resultat.
- Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
- Søknadssum.
- Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.
Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om verksemda har søkt om, eller mottatt, offentleg støtte frå andre verkemiddelaktørar, inkludert spesifikasjon av bagatellmessig støtte. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levera ei kort rapport med dokumentasjon på kostnadene.
Kostnadar med eige arbeid kan inngå som kostnad. I den samanheng vert eigar og ektefelle sin arbeidsinnsats godkjent med masimalt 350 kr pr. time og maksimalt 1850 timar pr. år. Dokumentasjon med timelister skal leggast ved sluttrapport.
Søknadsfrist
Søknader vert handsama fortløpande. Vurderinga av søknadene vert gjort administrativt, og det vert lagt opp til rask sakshandsaming (innan 1 mnd frå motteken søknad). Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsegn/avslag.
Kven kan søkje?
Bedrifter/etablerarar i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kan søkje om midlar.
MOTTEKE TILSEGN 2020
Namn | Kommune | Sum | |
1 | Comino AS | Stord | 50 000 |
2 | Yoga Austevoll | Austevoll | 40 000 |
3 | Ørjan Johannessen | Austevoll | 50 000 |
4 | Madelaine B. Agdestein | Stord | 35 000 |
5 | Nina J. Matre | Sveio | 30 000 |
6 | Bakstehuset på Spissøy AS | Bømlo | 50 000 |
7 | Tor Harald Bringedal / Valhall løftebukk | Kvinnherad | 50 000 |
8 | Tysnes Hjortefarm | Tysnes | 50 000 |
9 | Bifrost Tug AS | Stord | 50 000 |
10 | Norwegian Fjord Cruises | Tysnes | 50 000 |
11 | Panter AS | Bømlo | 39 000 |
Motteke tilsegn 2019
Namn | Kommune | Sum | |
1 | Andre Ernst Grønås | Sveio | 50 000 |
2 | Stjerneklar AS | Bømlo | 50 000 |
3 | Digifact AS | Austevoll | 50 000 |
4 | Oceonig Labs AS | Austevoll | 50 000 |
5 | Preg Design As | Stord | 35 000 |
6 | Future Energy Solutions AS | Stord | 50 000 |
7 | Ocean Cleaning AS | Stord | 50 000 |
8 | Alltec Services AS | Stord | 50 000 |
9 | Nina Johanne Haara Matre | Sveio | 50 000 |
10 | Sindre Larsen | Bømlo | 50 000 |
11 | North Coast Calcium AS | Bømlo | 50 000 |
Motteke tilsegn 2018
Namn | Kommune | Sum | |
1 | Ufosoft AS | Kvinnherad | 50 000 |
2 | Hiernagla Brenneri AS | Sveio | 50 000 |
3 | Stord Folkehøgskule AS | Stord | 50 000 |
4 | Kystguiden AS | Bømlo | 50 000 |
5 | FoodOp | Bømlo | 50 000 |
6 | FitnessInvest | Stord | 50 000 |
7 | Elin Meland | Tysnes | 30 000 |
8 | Kari Svanberg | Bømlo | 50 000 |
9 | Jonny Gausel | Bømlo | 40 000 |
10 | Huug Home | Stord | 50 000 |
11 | Anette Rasmussen Lønnheim | Stord | 50 000 |
12 | Harmoni Familiepark | Tysnes | 40 000 |
13 | Huldrafjell AS | Stord | 50 000 |
14 | ManaCon | Bømlo | 50 000 |
15 | Malin Langøy Aarbø | Stord | 50 000 |
16 | Inakva AS | Etne | 50 000 |
17 | Margareth Ottesen Mjønes | Stord | 50 000 |
Motteke tilsegn i 2017
NAMN | KOMMUNE | SUM | |
1 | Ivyelli AS | Tysnes | 50 000 |
2 | Stord24 | Stord | 35 000 |
3 | SvingenPuls Shop AS | Tysnes | 30 000 |
4 | Bærpålegg AS | Fitjar | 50 000 |
5 | Clear Ocean | Bømlo | 50 000 |
6 | Rosendal Microbryggeri ANS | Kvinnherad | 50 000 |
7 | Ørjan Johansen | Kvinnherad | 50 000 |
8 | Sindre Larsen | Bømlo | 40 000 |
9 | Funkworks AS | Stord | 50 000 |
10 | Iris Gudmundsdottir | Stord | 20 000 |
11 | Reckon AS | Austevoll | 50 000 |
12 | Invest5437 | Bømlo | 50 000 |
13 | Andre Ernst Grønås | Sveio | 50 000 |
14 | Rosendal Event | Kvinnherad | 30 000 |
15 | Ronny Pedersen | Bømlo | 40 000 |
16 | Himmelhyttene | Stord | 50 000 |
17 | Haugland Control Systems AS | Austevoll | 25 000 |
18 | Privat Omsorg Sunnhordland | Kvinnherad | 25 000 |