Medverknadsmøtet på Sunde

I samband med oppstart av områderegulering for Sunde tettstad, vart det 4. juni halde medverknadsmøte (ideverkstad) på Sunde skule. Om lag 45 engasjerte personar var til stades og mange av desse kom 30 min før for å nyte lapskausen som vart servert. Kommunen ynskjer brei medverknad frå innbyggarane, og om ein ynskjer å lese referatet frå møtet, klikk på lenkja under.

REFERAT Folkemøtet

 

Registrering av barnetråkk

Dagen etter folkemøtet vart det arrangert registrering av barnetråkk i lag med elevar på Sunde skule. Barnetråkk vert nytta som medverknadsmetode med mål om å avdekke korleis barn brukar og rører seg i nærmiljøet sitt, stader dei set pris på og stader dei ikkje likar. I rapporten under kan ein lese kva 4., 5. og 6. klasse (våren 2019) meinte var viktige ruter og samband, kva område dei likar og nyttar, samt kva område dei ynskjer endra.

RAPPORT barnetråkk