Rådet har 5 medlemer med personlege varamedlemer; - 4 av medlemene er valde blant menneske mednedsett funksjonsevne, og 1 medlem frå politikarar. Rådet skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.

Rådet skal ha hovudfokus på overordna saker, og skal ha til uttale følgjande saker:

  • årsbudsjett, økonomiplan og handlingsplan
  • kommuneplanar
  • bustadprogram
  • reguleringssaker

Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem menneske med funksjonshemming, men skal ikkje handsame saker som gjeld enkeltpersonar. Rådet skal kvart år leggja fram melding til kommunestyret om verksemda si.

Her finn du møteoversyn og medlemmer.