Ordførar Hilde Enstad inviterer næringslivsaktørar i kommunen til dialogmøte med formannskapet for å drøfte ulike tema knytt til dette.
Vel møtt!

Tid: torsdag 1. september kl. 10.00 – 13.00
Stad: festsalen Husnes kulturhus

Av omsyn til berekning av lunsj er det fint med ei påmelding på mail til bente.hoyland@kvinnherad.kommune.no

Plan for dialogmøtet:
Kl. 10.00 Opning og velkomen v/ordførar Hilde Enstad
Kl. 10.05 Status, utviklingstrekk og utfordringsbilete v/kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik
Kl. 10.15 Næringsarbeid i kommunen, sett frå næringssjefen sin ståstad. kva er gjort, samarbeidsfora/alliansar, v/næringssjef Grete Solheim
Kl. 10.25 Næringsarbeid, sett frå næringslosen i KNS sin ståstad, v/næringslos Frode Hetlevik
Kl. 10.35 Korleis er det å drive næringsverksemd i Kvinnherad og korleis vil vi oppnå utvikling - To næringsaktørar har ordet
Kl. 10.45 pause
Kl. 11.00 Kommuneplanen sin arealdel. Status og framdriftsplan v/plansjef Rune Helland
Kl. 11.20 Et par konkrete saker som gjeld reguleringsplanarbeid - to næringsaktørar har ordet
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 11.50 kafèdialog - Vi drøftar problemstillingar som er aktuelle for å styrke arbeidet med næringsutvikling
Kl. 13.00 oppsummering
Kl. 13.15 avslutning
Ordinært formannskapsmøte startar kl. 14.00,
Stad: Kvinnherad Breiband sine nye lokale på Husnes