Pride-flagget ber med seg mykje. Mellom anna retten til å elska den ein vil - uansett legning og bakgrunn. Men det handlar òg om fridom og fellesskap. Me er alle del av eit fritt, sjølvstendig demokrati og land. Me dannar grunnlaget som kommune, for at kvart enkelt individ skal kunne leva frie, rettferdige og gode liv i Kvinnherad.