Pressekonferanse 19.03.21

Pressekonferanse fredag 19. mars

Kommuneoverlegen i Kvinnherad har i dag vedteke lokal forskrift om førebygging av koronasmitte med heimel i smittevernlova § 4-1. I samband med dette held ordførar Hans Inge Myrvold, kommuneoverlege Glenn A. Opland og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik ein pressekonferanse.

Denne artikkelen vil bli oppdatert undervegs i pressekonferansen

Det er påvist to nye smittetilfelle i Kvinnherad, og vi er no oppe i tre stykk totalt i dag. Dette er mest sannsynleg den britiske varianten. Smittevegen er uavklart, men vi har nokre hypoteser som vi jobbar utifrå. Myrane barnehage har stengt ei avdeling og Vitusapotek Kvinnherad på Kvadraten er også stengt i samband med dette. Var du innom Vitusapotek Kvinnherad laurdag 13.03, måndag 15.03 eller tysdag 14.03 og kjenner på symptom -  så test deg. Var du på Kafè Samspel måndag 15.03 og kjenner på symptom - så test deg.

Generelt: har du symptom - ver heime, og test deg. Hugs god hoste- og nysehygiene. Det vert sterkt oppmoda om å halda avstand - to meter - og bruk munnbind dersom dette ikkje er mogleg. Avgrens all sosial kontakt.

Sterk oppmoding til ungdomen vår: den britiske varianten spreier seg fort, og råkar ungdom og unge meir. Følg smittevernreglane, bruk fornuft og ver tolmodige.

Teststasjonen vil halda ekstra ope på søndag. Du kan ringa koronatelefonen på tlf 90 86 01 66 klokka 10 - 11.30.

Forskrifta gjeld frå 20.03.21 kl.00.00 og fram til 25.03.21 kl.24.00. Bakgrunnen for innføring av lokal forskrift er nyoppstått covid-19-smitte med ukjent smittevei. Dersom det blir naudsynt med forlenging skal dette avgjerast av kommunestyret 25.03.21

Her kan du lesa forskrifta i sin heilheilt: Mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte, Kvinnherad kommune

2021

Pressemelding 17.11.20

Smitteutbrot ved Kvinnherad vidaregåande (KVV) skule

Dei siste dagane, og særskilt siste døger, har ein fått stadfesta fleire smittetilfelle av Covid-19 i Kvinnherad. Alle desse tilfella er knytt til skulemiljøet på KVV. Denne situasjonen var på mange måtar ikkje uventa, etter at ein fekk første påviste smitte før helga. Ein har per dags dato kontroll over smitten. Fire klassar er som kjend i karantene, samt nærkontaktar og somme lærarar.
No er det særs viktig at karantenetid og reglar vert overhaldt for å unngå smitteauke.

Er du nærkontakt så vil du bli kontakta. Om du tenkjer at du er nærkontakt, men har ikkje fått telefon, så ver heima, vent minst 24 timar før du tek kontakt med kommunelegen, då dette er tidkrevjande arbeid.

Kommunen har i dag hatt statusmøte med fylkesmannen, KVV og politi, og vil halda kontakten framover.
Vi håpar at utviklinga avgrensar seg no ved at folk er flinke – både på skule/arbeid og på fritida.

 

Hugs på hoste- og handhygiene, hald avstand til andre, og bruk munnbind når du reiser kollektivt.

 

Tusen takk for innsatsen!

Pressekonferanse 06.11.20

Kvinnherad kommune informerer om pågåande koronasituasjon.

Ordførar, kommuneoverlege og kommunedirektør orienterer.

Vi oppdaterer undervegs:

Ordføraren informerer:
Ynskjer velkomen til pressekonferanse. Orienterer om vesentleg større smittetrykk i kommunen den siste veka. Alle har no eit individuelt ansvar. Ein bør halda seg i eigen heim, seier ordføraren. Dette ansvaret kviler på ein og kvar av oss. Dette får me til i lag! Når det kjem til dette med pendling og reising, så vil eg oppmoda alle som nytta kollektivtrafikk om å bruka munnbind. Dette har eg høyrt ungdomen er flinke på! Hald fram med god handhygiene. Gå inn på kommunen sine nettsider og Facebookside for å halda dykk oppdatert på det som skjer.

Kommuneoverlegen informerer:
Siste to døgn er det påvist seks nye tilfelle i kommunen. 75 prosent av den totalte smitten har blitt påvist dei siste 48 timane. Dette er ei klar endring. Vi har drive smitteporing og har kontroll på det meste smittevegar. Vi trur det kjem frå stader med høgare smittetrykk enn her. Per no har vi 98 stykk i karantene. Viktig at dei aller fleste held seg heime. Minner også om god hoste- og handhygiene. Mistenkjer ikkje noko skjult smitte per no. Dette har vi nokonlunde under kontroll. 

Kommunedirektøren:
11 born og 14 tilsette er sett i karantene etter påvist smittetilfelle i Undarheim barnehage. Barnehagen er no stengd. Ein oppmodar dei vaksne om å tenkja kreativt. Det er borna som er i karantene, ikkje foreldra.
Oppmodar om heimekontor der dette er mogleg. Unngå å eta lunsj med for mange. Prøv å halda seg til sine kohortar.
Situasjonen vurderast forløpande. Det er særleg på kollektivtrafikk ut og inn av kommunen ein oppmodar om munnbind, til dømes til Stord og Bergen.
Oppmodar vaksne om å avsta frå undøvendige samankomstar. Situajsonen har forverra seg dei siste 48 timane, og det skal me ta på alvor. 
Hugs god hoste- og handhygiene, hald 1-2 meter avstand og hald deg heime om du er sjuk.

Ordføraren:
Dette er ein alvorleg situasjon ikkje berre nasjonalt, men òg lokalt. Det er viktig at alle tek ansvar individuelt. Denne gongen er vi meir førebudd. Vi veit meir enn vi gjorde i mars.

Kommunedirektøren:
Vi prøver så langt det lar seg gjera at born og unge kan leva som normalt. Denne barnehagen blir jo stengt ned, men det går ikkje ut over dei andre.
Vi opplev at kvinnheringane tek gode avgjersler, så fortset med det.

Kommuneoverlegen:
Får ein del førespurnader om feiringar med meir, og eg tenkjer jo at det ikkje er tida for dette no.
Det var ikkje uventa at det kom meir smitte no, men ein hadde kanskje ikkje venta så mange tilfelle på ein gong.

Pressemelding 17.04.20

Vel overstått påske til alle våre innbyggjarar!

Kommuneoverlege, saman med ordførar og kommunedirektør, ynskjer å rosa innbyggjarane som er flinke til å følgja smittevernråda: det gjeld å halda god avstand, å vaska hendene godt, og å avgrensa reising. Å følgja desse råda slik innbyggjarane no gjer, hjelper og gjev resultat, noko kommuneleiinga er svært takksame for. Per dags dato er det testa omlag 300 personar, og det er framleis berre påvist koronasmitte hjå fem stykk i kommunen vår.

Samfunnet vert no gradvis opna opp att, men sjølv om restriksjonane vert færre, er det svært viktig at me alle held fram med desse smitteverntiltaka for å hindra nye utbrot.


Beredskapsgruppa
Gruppa held fram med faste møter, og følgjer koronasituasjonen nøye. Det er også faste møter etter behov, og minst éin gong i veka deltek politi og brann. Dersom du som innbyggjar vil melda i frå om aktivitet som går på tvers av nasjonale føringar for smittevern, ynskjer kommunen å bli gjort merksam på dette. I opningstida frå kl. 0800 til 1500 når du oss på 53 48 31 00, utanom opningstida kan du ta kontakt på telefon: 903 61 111

Publikumsbesøk
Rådhuset vil ikkje få generell opning for publikum enno, men det vert høve for innbyggjarar å gjera avtale om fysiske møter innafor dei rammer som smittevernråda gjev: maks 5 deltakarar, to meter avstand. Det må vera eit konkret behov for fysisk møte, som skal vurderast i kvart enkelt tilfelle av aktuell sakshandsamar. Stenging for publikum er i tråd med nasjonale føringar for fortsatt bruk av heimekontor.

Tilreisande
Det er fine vêrmeldingar framover, så det er venta noko auka innreise til kommunen. Hytteforbodet gjeld fram til 20. april. Nasjonale råd om å unngå unødige fritidsreiser, og at ein ikkje skal samlast meir enn fem personar med avstand på to meter er framleis gjeldande. I den samanheng har kommunen sendt ut brev til alle verksemder som leiger ut til bubil- og caravanar og båtar i gjestehamner. Brevet kan du lesa her. Kommunen er i kontinuerleg kontakt med politiet, som undervegs vil vera i dialog med dei som er ansvarlege for å ta i mot tilreisande, og vera med og sikra at krav og forventningar vert gjort klare for dei reisande.
 

Turistinformasjonen
Turistinformasjonen vil bli opna i løpet av neste veke (veke 17). Smittevern vert ivareteke på same måte som i butikkane – med avgrensa tal på gjester innomhus, avstand og plan for desinfisering.
Det er tett dialog mellom turistsjef, dagleg leiar for Folgefonnsenteret, næringssjef og ordførar om dei utfordringane som denne næringa står i.

Næring
Kvinnherad kommune har si eiga næringsside på Facebook, følg denne for oppdatert og relevant informasjon: https://www.facebook.com/kvinnheradkommunenaeringsside/

 

Opning av barnehagar
Barnehagane opnar opp att tysdag 21.april. For å ta i vare godt smittevern, vil barnehagane den første tida vera opne 08:00 – 15:30. Dei tilsette har laga gode rutinar, barnehagane er vaska og rydda, og dei gler seg til endeleg å få møta barna igjen. Kvar barnehage sender ut informasjon og har dialog med foreldra om oppstart. Velkomne alle saman! Sjå smittevegleiar her.

Kulturskulen
Ingen plan for opning av andre skuletilbod enn dei obligatoriske inntil vidare. Dette skjer etter råd frå overordna nasjonal myndigheit.

Helsetenester
Vedtak om reduserte tenester er forlenga til 27. april. Alle tenestene vert vurdert fortløpande, og tenestene vil koma på plass når tilfredsstillande plan for smittevern er klar. Smittesituasjon til ei kvar tid vil også liggja til grunn.
 

Kommunale bygg
Alle kommunale bygg og basseng vert stengde for utleige ut dette skuleåret. Eventuelle unntak må verta behandla særskilt.


Forlenging av vedtak
Etter regjeringa sin pressekonferanse 7. april, vart desse fire vedtaka endra og/eller forlenga i kommunen:
Besøksforbod på institusjonar, med meir, kan lesast her.
Tenestetilbod i helsetenesta kan lesast her.
Stenging kommunale tenestekontor kan lesast her.
Hamner for cruiseskip kan lesast her.