Anleggsarbeidet med Kvinnherad arena på Husnes er i gong. Det medfører at turstien frå Husnes idrettspark til Skoglyvegen blir stengt for publikum. Den skal stengjast frå 16.03 til 01.10.

Vidare blir Skoglyvegen stengt nedenfor krysset til Kaldestadåsen og vidare til Opsangervegen.

Hordaland entreprenør vann tilbodet på utbyggjing av adkomstvegen til Kvinnherad arena, og det er dette arbeidet som no tek til. Kvinnherad kommune ber om forståing frå publikum, og ber dei rette seg etter dei tiltaka som no vert gjort for å sikre tryggleik til innbyggjarane og forsvarleg anleggsarbeid. Det er berre deler av raudt område i kartskissa som blir inngjerda. Ein kvar må følgje skilting og vere merksam.

I fyste omgong vil det også bli ein del anleggstrafikk inn Røsslandsvegen forbi Undarheim skule, då grusbanen ved Kvednabekkjen skal nyttast til riggområde. Om lag halve grusbanen vil nyttast til dette formålet.

I den vidare anleggsfasen vil det bli noko meir trafikk av personbilar med arbeidarar som skal til og frå riggområdet.

Kvinnherad kommune er kjent med trafikkutfordringane ved Røsslandsvegen og Undarheim skule. Prosjektleiinga i kommunen har difor hatt møte med dei aktuelle skuleeiningane og barnehagar for å førebu mest mogleg av sikringstiltak, og gjere dei kjente med tiltaka.

 

kartustnitt stenging av skoglyvegen og tursti.PNG

Raud farge syner avstengt område for publikum. Den sekskanta bygninga er Kvinnherad vidaregåande skule. Dei blå kryssa angjer kvar stien og Skoglyvegen er stengt.
Grønt område øvst syner grusbanen og litt av kunstgrasbanen Kvednabekkjen.