Ein har per dags dato kontroll over smitten. Fire klassar er som kjend i karantene, samt nærkontaktar og somme lærarar.
No er det særs viktig at karantenetid og reglar vert overhaldt for å unngå smitteauke.

Er du nærkontakt så vil du bli kontakta. Om du tenkjer at du er nærkontakt, men har ikkje fått telefon, så ver heima, vent minst 24 timar før du tek kontakt med kommunelegen, då dette er tidkrevjande arbeid.

Kommunen har i dag hatt statusmøte med Statsforvaltaren, KVV og politi, og vil halda kontakten framover.
Vi håpar at utviklinga avgrensar seg no ved at folk er flinke – både på skule/arbeid og på fritida.

 

Hugs på hoste- og handhygiene, hald avstand til andre, og bruk munnbind når du reiser kollektivt.

 

Tusen takk for innsatsen!

 

Karantenereglar.PNG