Det er ei samrøystes innstilling frå eit breitt samansett tilsettingsutval som no ligg føre.

Ragnhild Bjerkvik er 50 år, og bur i dag i Haugesund. Ho er gift og har tre vaksne døtre. Bjerkvik arbeider i dag som dagleg leiar i arbeids- og inkluderingsverksemda Aski A/S.

Bjerkvik har solid kompetanse og erfaring frå både privat og offentleg sektor. Hennar evne til utvikling og resultatoppnåing er godt dokumentert. Ragnhild Bjerkvik har brei utdanning innan økonomi, administrasjon og leiing, og har i dag ei rekke styreverv. Ho har politisk erfaring frå folkevald nivå i Haugesund kommune, og frå politisk arbeid på kommune- og fylkesnivå.

Tilsettingsutvalet er trygg på at vi har innstilt rett person til stillinga som kommunedirektør. Utvalet ser fram til å samarbeida med Bjerkvik, og meiner ho gjennom erfaring, dokumentert kompetanse og evne til strategisk tenking vil vera ein viktig bidragsytar til ei positiv utvikling av tenester og lokalsamfunn i Kvinnherad kommune.

Dersom kommunestyret i møte 29.11 vedtek å tilsetta Bjerkvik vil ho ta til i stillinga 01.03.19.

Ordførar er svært nøgd med at vi no for første gong kan få ei kvinne i denne stillinga. Bjerkvik vil også vera den første i Kvinnherad med tittelen kommunedirektør, som erstattar den tidlegare tittelen rådmann. Endringa skjer i samsvar med den nye kommunelova, og vert gjeldande frå 01.03.19.

For ytterlegare spørsmål, kontakt ordførar Peder Sjo Slettebø, tlf. 907 40 595.      

Rosendal, 22.11.19

Med helsing

Peder Sjo Slettebø
Ordførar