Beredskapsgruppa førebur saman med politiet ei lokal forskrift for Kvinnherad, men inntil vidare følgjer kommunen dei nasjonale råda. Det er meldt inn mange nærkontaktar av smittetilfelle av den britiske varianten, og vi er såleis bekymra for at smitten kjem hit til Kvinnherad.

Vi er nøydde for å stålsetja oss, og vi ber dykk alle om å tenkja på smittevern i alt de gjer:

  • Hald avstand – helst to meter. Bruk munnbind der dette ikkje er mogleg
  • Unngå unødig ferdsel og sosial omgang
  • Hugs på god hand- og hostehygiene
  • Unngå reiser til og besøk frå stader med høgt smittetrykk som Viken og Haugalandet
  • Unngå påskeferie på hytta med andre enn eigen husstand