Kommuneoverlege, saman med ordførar og kommunedirektør, ynskjer å rosa innbyggjarane som er flinke til å følgja smittevernråda: det gjeld å halda god avstand, å vaska hendene godt, og å avgrensa reising. Å følgja desse råda slik innbyggjarane no gjer, hjelper og gjev resultat, noko kommuneleiinga er svært takksame for. Per dags dato er det testa omlag 300 personar, og det er framleis berre påvist koronasmitte hjå fem stykk i kommunen vår.

Samfunnet vert no gradvis opna opp att, men sjølv om restriksjonane vert færre, er det svært viktig at me alle held fram med desse smitteverntiltaka for å hindra nye utbrot.


Beredskapsgruppa
Gruppa held fram med faste møter, og følgjer koronasituasjonen nøye. Det er også faste møter etter behov, og minst éin gong i veka deltek politi og brann. Dersom du som innbyggjar vil melda i frå om aktivitet som går på tvers av nasjonale føringar for smittevern, ynskjer kommunen å bli gjort merksam på dette. I opningstida frå kl. 0800 til 1500 når du oss på 53 48 31 00, utanom opningstida kan du ta kontakt på telefon: 903 61 111

Publikumsbesøk
Rådhuset vil ikkje få generell opning for publikum enno, men det vert høve for innbyggjarar å gjera avtale om fysiske møter innafor dei rammer som smittevernråda gjev: maks 5 deltakarar, to meter avstand. Det må vera eit konkret behov for fysisk møte, som skal vurderast i kvart enkelt tilfelle av aktuell sakshandsamar. Stenging for publikum er i tråd med nasjonale føringar for fortsatt bruk av heimekontor.

Tilreisande
Det er fine vêrmeldingar framover, så det er venta noko auka innreise til kommunen. Hytteforbodet gjeld fram til 20. april. Nasjonale råd om å unngå unødige fritidsreiser, og at ein ikkje skal samlast meir enn fem personar med avstand på to meter er framleis gjeldande. I den samanheng har kommunen sendt ut brev til alle verksemder som leiger ut til bubil- og caravanar og båtar i gjestehamner. Brevet kan du lesa her. Kommunen er i kontinuerleg kontakt med politiet, som undervegs vil vera i dialog med dei som er ansvarlege for å ta i mot tilreisande, og vera med og sikra at krav og forventningar vert gjort klare for dei reisande.
 

Turistinformasjonen
Turistinformasjonen vil bli opna i løpet av neste veke (veke 17). Smittevern vert ivareteke på same måte som i butikkane – med avgrensa tal på gjester innomhus, avstand og plan for desinfisering.
Det er tett dialog mellom turistsjef, dagleg leiar for Folgefonnsenteret, næringssjef og ordførar om dei utfordringane som denne næringa står i.

Næring
Kvinnherad kommune har si eiga næringsside på Facebook, følg denne for oppdatert og relevant informasjon: https://www.facebook.com/kvinnheradkommunenaeringsside/

 

Opning av barnehagar
Barnehagane opnar opp att tysdag 21.april. For å ta i vare godt smittevern, vil barnehagane den første tida vera opne 08:00 – 15:30. Dei tilsette har laga gode rutinar, barnehagane er vaska og rydda, og dei gler seg til endeleg å få møta barna igjen. Kvar barnehage sender ut informasjon og har dialog med foreldra om oppstart. Velkomne alle saman! Sjå smittevegleiar her.

Kulturskulen
Ingen plan for opning av andre skuletilbod enn dei obligatoriske inntil vidare. Dette skjer etter råd frå overordna nasjonal myndigheit.

Helsetenester
Vedtak om reduserte tenester er forlenga til 27. april. Alle tenestene vert vurdert fortløpande, og tenestene vil koma på plass når tilfredsstillande plan for smittevern er klar. Smittesituasjon til ei kvar tid vil også liggja til grunn.
 

Kommunale bygg
Alle kommunale bygg og basseng vert stengde for utleige ut dette skuleåret. Eventuelle unntak må verta behandla særskilt.


Forlenging av vedtak
Etter regjeringa sin pressekonferanse 7. april, vart desse fire vedtaka endra og/eller forlenga i kommunen:
Besøksforbod på institusjonar, med meir, kan lesast her.
Tenestetilbod i helsetenesta kan lesast her.
Stenging kommunale tenestekontor kan lesast her.
Hamner for cruiseskip kan lesast her.