Bustad og bustadareal er eit sentralt tema i kommuneplanlegginga. Nye statlege retningsliner legg strenge føringar for kommunane når det gjeld reduksjon av klimagassar og det å sørgje for ei berekraftig tettstadutvikling som fremjar helse, miljø og livskvalitet. For å planlegge bustadområde med auka krav til klima og miljø, trafikk, folkehelse og tilgjenge til tenester for innbyggjarane, må ein gjere naudsynte vurderingar for å kome fram til kva areal ein skal nytte til bustad.

Bustader1_900x355.png

Som eit ledd i kommuneplanarbeidet Kvinnherad2050, har kommunen bestilt ein rapport frå analyseavdelinga hjå Hordaland fylkeskommune som viser kvar det potensielt er tilgjengeleg bustadareal. Kartlegginga er basert på ein overlagsanalyse (GIS) der ein nyttar ein automatisert metode for å rekne ut tilgjengeleg restareal i gjeldande arealplanar. Meir om metoden kan de lese i rapporten.

Les rapporten her.

Resultat

Ut frå gjeldande arealplanar er det identifisert til saman 2 348 dekar potensielt tilgjengelg areal til bustadføremål i Kvinnherad kommune.

  Tilgjengeleg areal (m2)
Innanfor tettstad 476
Utanfor tettstad 1872
Totalt 2348

Under viser tabellen tilgjengeleg bustadareal fordelt på tettstader (definisjon SSB), samt tal på busette og areal henta frå SSB.

Krinsar Tilgjengeleg areal Busett i 2018 Areal i dekar Busett per dekar
Husnes 167 2193 2548 0,86
Sunde/Valen 147 2301 1943 1,18
Uskedalen 43 746 746 1
Rosendal 37 776 1146 0,68
Sæbøvik 31 481 619 0,78
Dimmelsvik 21 453 433 1,05
Herøysund 16 523 467 1,12
Eidsvik 11 440 460 0,96
Seimsfoss 3 371 371 1
Totalt 476 8284 8734 8,62

Utbyggingspotensiale

Det samla utbyggingspotensiale i Kvinnherad er i overkant av 1300 bustader. Dette er høgt over høgalternativet til bustadprognosen fram mot 2039, som er på 330 bustader (RATP).