Førehandsrøysting ved stortingsvalet 2025

Det er vedteke at det skal vera mottak av førehandsstemmer i perioden 11.08.2025 – 05.09.2025. Manntalsførte kan førehandsrøysta i alle kommunar i Norge. Røystegjevinga vil bli sendt til den kommunen du er manntalsført i for oppteljing.

Stortings- og sametingsvalet 2025

Førehandsrøystinga startar 11. august og varer til 5. september.

Valstadar blir rådhuset i Rosendal, biblioteket på Husnes (begge frå 11. august), Øyatun skule på Halsnøy og Hatlestrand skule ( 2 dagar i veka, begge frå 19. august).

Røysting til sametingsvalet kan gjerast på rådhuset i Rosendal og på biblioteket på Husnes

Hugs legitimasjon. NB: Det blir ikkje sendt ut valkort til årets val.

Røysting heime (ambulerande røysting)

for personar som grunna sjukdom eller uførheit ikkje kan røysta på nokon av dei ordinær førehandsrøystelokala, kan søkja om å røysta der dei oppheld seg. Fristen for å søkja om dette er torsdag 4. september 2025 kl. 1200. Søknad vert å senda til post@kvinnherad.kommune.no eller ring til tlf. 53 48 31 00.

Det vil bli gjennomført ambulerande røysting på

Ølve alderspensjonat (2. september kl. 15-17),

Rosendalstunet (26. august kl. 10-12),

Husnestunet (27. agugst kl. 10-12),

Halsnøytunet (28. august kl. 15-17),

Valen sjukehus (27. august kl 13-15)

og Kvinnherad vidaregåande skule (25. august kl. 0930-1130), samt i fleire av bygdene gjennom røystestad på bokbussen.

Opningstider

Rådhuset i Rosendal:

Kvardagar 08-15

Kveldsope: Tysdag 26. august til 1800

Biblioteket på Husnes:

Kvardagar 10-16, laurdagar 10-14

Øytaun skule:

Tysdagar og torsdagar 10-14

Kveldsope: Tysdag 26. august til 1800

Hatlestrand skule:

Tysdagar og fredagar 10-14

Kveldsope: Tysdag 26. august til 1800

Ambulerande røystestader (Bokbussen)

25. august:

Utåker 1230 - 1430

Åkra 1530 - 1730

Matre 1800 - 1900

26. august:

Uskedalen 1600 - 2000

27. august:

Borgundøy 15 - 1645

28. august:

Varaldsøy (kaien) 1245 - 1430

Sundal 1600 - 1800

NB: Førehandsrøystinga blir avslutta 5. september kl. 1400!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?