Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad.

Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad.

Opne hus - med hjarte for alle i Kvinnherad

Kvinnherad kommune ønskjer å invitera til opne hus kvar veke, for å skapa gode sosiale møteplassar og arrangera kulturelle dagsturar med naturopplevingar i lokalmiljøet!

Dette vil vi gjera saman med frivillige organisasjonar, næringsliv og eldsjeler i kommunen vår.

Kva er Opne hus?

Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad som skjer annankvar tysdag klokka 1200. Her kan ein eta saman, oppleva noko kulturelt, naturoppleving og kanskje læra noko nytt? Dei fleste arrangementa er gratis og nokre krev påmelding. I tillegg er det mogleg å bestilla gratis transport til alle Opne hus-arrangementa. Du vil få all nødvendig informasjon i aktivitetsoversikta.

Opningstida for påmeldingstelefonen 40409290 er 10-14 måndag, tysdag og onsdag.

12. februar: Vinterfest i Herøysund grendahus kl. 12

Bli med på å feira vinteren med raud løpar, glitter og stettglas! Servering med middag og dessert. Historier, allsong og kanskje dans?
Transport frå Rosendal kl. 11.00, Husnes kl. 11.40 og vidare til Herøysund. Retur same rute kl. 14.00.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

26. februar: Bli med inn på tunet til Frøystein garden kl. 12

Velkommen til generasjonsmøte på garden! Her kan ein helsa på alle dyra, bli med på kjekke gardsaktivitetar og berre nyta dagen og opplevingane saman. Lett servering utandørs.
Transport frå Rosendal kl. 11.00, Husnes kl. 11.45 og vidare til Frøystein garden. Retur same rute kl.14.30.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

5. mars: Føredrag, yoga og badstove på Rosendal Fjordhotel kl. 12

Velkommen til markering av kvinnedagen på vår måte, som også er ope for karane! Her blir det føredrag, yoga og badstue med bad i fjorden for dei som er tøffast! Servering av lunsj på hotellet. Merk at påmelding til yoga og badstue har eigen påmelding.
Transport frå Halsnøy kl. 10.45, Husnes kl. 11.15 til Rosendal. Retur same rute kl.15.00.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

19. mars: Tur til SKL sitt visningssenter i Matre kl. 12

Bli med på omvisning og høyr om vasskrafthistoria i Blådalsvassdraget på visningssenteret i Matre. Servering av lunsj.
Transport frå Husnes kl. 10.45, Rosendal kl. 11.15 til Matre. Retur same rute kl. 14.00.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

9. april: Karneval på Ølve alderspensjonat kl. 1230

Bli med på karneval med sambarytmer, aktivitetar og servering av taco! Her blir det høg party-faktor!
Transport frå Husnes kl. 1015, Rosendal kl. 11.00, Årsnes fergekai kl. 11.25 til Ølve alderspensjonat. Retur same rute kl. 14.45.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

23. april: Open skulestove i Uskedalen kl. 12

Bli med på ei spennande reise med Uskedalen historielag på skuleståva. Servering av nistepakke, skulemjølk og kaffi.
Transport frå Husnes kl. 10.45, Rosendal kl. 11.30 og vidare til Uskedalen.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

7. mai: Tur til Fjelberg prestegard og kyrkje Kl. 1445.

Velkommen til Fjelberg prestegard og konsert i kyrkja! Servering av lunsj og kyrkjekaffi på prestegarden.
Omvising.
Transport frå Rosendal kl. 13.15, Husnes kl. 14.00 til Sydnes ferjekai og ferje kl. 14.30 Retur same rute klokka 17.05 med ferje Fjelbergøy-Sydnes. Retur same rute.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

21. mai: Tur til Baroniet med omvising på slottet og piknik i Rosendal Have kl. 12

Bli rik på inntrykk og historia til Baroniet og bli med på god gamaldags piknik i hagen.
Transport frå Halsnøy kloster kl. 10.45, Husnes kl. 11.15. Retur same rute kl. 14.00.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

4. juni: Tur til Varaldsøy med besøk av gruvene kl. 12.30.

Bli med Trygve Djuvsland til Varaldsøy som tar oss med til gruvene, Lars-Øye museet og klyngetunet. Servering av nistepakke med noko attåt. Denne turen er ikkje eigna for rørslehemma.
Transport frå Halsnøy kloster kl. 10.15, Husnes kl. 10.45, Rosendal kl. 11.30 til Årsnes fergekai kl. 12.00. Retur same rute kl.15.35.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

18. juni: Tur til Bjørnebøle ved Fjellhaugenvatnet kl. 12

Guida tur til Bjørnebøle i fantastiske omgjevnader! Servering av rømmegraut og spekemat. Denne turen er ikkje eigna for rørslehemma.
Transport frå Halsnøy kloster kl. 10.00, Husnes kl. 10.30, Rosendal kl. 11.15 til Blådalen. Retur same rute kl. 14.00.

Meld deg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Husk å melda deg på, både til arrangement og ved behov for transport!

Du finn lenke til påmeldingsskjema og informasjon om våre opne hus arrangement på kvinnherad.friskus.com for kvart arrangement i denne brosjyren. Du kan også ringe påmeldingstelefonen 404 09 290 som har opningstid kl. 10.00 – 14.00 måndagar, tysdagar og onsdagar.


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay