Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ledige stillingar


GÅ TIL LEDIGE STILLINGAR Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Tips: Kvinnherad kommune opplever at e-postar sendt frå EasyCruit til einskilde e-postkontoar hamnar i søppelpost/spam. Om du ventar på e-post frå kommunen - sjå i søppelposten om den kan liggja der.

Du søkjer elektronisk på stillingar i Kvinnherad kommune. Ved å klikka deg inn på ledige stillingar under, kjem du inn i vårt system for elektronisk jobbsøking. Treng du hjelp med brukarkonto, sjå nedst på sida.

Alle som ønsker å søka jobb i Kvinnherad kommune, må gjera dette elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein brukarkonto hos EasyCruit og logge deg inn.

Frå våren 2022 er EasyCruit nytt rekrutteringsverktøy i Kvinnherad kommune. Alle søkjarar, nye og tidlegare søkjarar, må oppretta seg ein brukarkonto på Easycruit.

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.

Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.

Har du spørsmål som gjeld utlyst stilling, ta kontakt med oppgitt kontaktperson i stillingsannonsa. Dersom du treng hjelp med Easycruit, ta kontakt med:

Gunn Hege Nyrud, tlf: 90 77 54 92
Anne Berit Skeie, tlf: 90 20 81 46

Mauranger - Kvinnherad Turistinformasjon.jpg

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?