Artikkel 37 i Personvernforordninga tilpliktar kvar kommune å oppnemne sitt eige personvernombod. Les meir her.

Personvernombodet si rolle er å sjå til at kommunen handsamar alle personopplysningar i samsvar med gjeldande lover og føresegner.

Dette skjer gjennom

  • rådgjeving for publikum, dersom ein person ynskjer hjelp for å finne ut korleis kommunen har forvalta personinformasjon om vedkomande - sjå Personvernforordninga sin artikkel 39, pkt. 4
  • rådgjeving for kommunen, til dømes når nye rutinar skal etablerast for handsaming av personopplysningar,
  • tilsyn, til dømes ved gjennomgang av kommunen sine gjeldande rutinar for dette,
  • varselsplikt, dersom det vert avdekka avvik frå gjeldande lover, føresegner eller riutineskildringar.

Personvernombodet kan ikkje instruerast av kommunen.

Personvernombod for Kvinnherad kommune er Lars Erling Aarland. Han kan nåast via telefon 53 00 34 00, eller via e-post personvernombod@kvinnherad.kommune.no

Du kjem attende til Kvinnherad kommune si personvernerklæring ved å klikke her.