Etter eit møte med beredskapsgruppa, med utgangspunkt i dei nye tiltaka som vart lagt fram denne veka, ynskjer kommunen å opplysa om:

  • Det er utleigar (campingplass/båthamn) som har ansvar for at godt smittevern er ivareteke, og kan såleis pådra seg konsekvensar/bøter om ikkje smittevernet blant sine gjester vert følgt opp på ein tilfredsstillande måte
  • Det er i motsetnad til i fjor no oppmoda om å halde sanitæranlegga ope (med smitteverntiltak etter det som står i bransjenorm). Dette er for å unngå at gjester bruker alternative løysingar som ein ikkje har kontroll over.
    • Samstundes er det opp til den enkelte utleigar å vurdere om ein skal halde ope eller stengt.
  • Det er oppmoda om å utarbeide ei risikovurdering for eiga drift
  • Verksemdene må sjølve vurdere om dei vil ha ope og ta imot gjester eller stenge drifta i denne perioden
  • Anbefalinga er no at ein skal ha maks 2 gjester på besøk i hus, hytte og hage. Her tolkar ein at dette og gjeld for campingvogn/bubil. Ved at hage er spesifisert vil dette innebere at ein ikkje kan ha meir enn 2 gjestar utanfor si eiga vogn/bubil/båt. Dette er no 2 personar, og ikkje 2 kohortar.
  • Det er ei anbefaling om å halde 2 m avstand, og bruke munnbind der dette ikkje er mogleg.

For meir informasjon (samt ein plakat som kan skrivast ut): https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/