Denne hausten er me framleis prega av koronasituasjonen. Skulane må til ei kvar tid planleggja etter trafikklysmodellen. Per i dag er me på gult nivå. Det betyr at store og små framleis må ha fokus på smittvern i skulekvardagen.

  • Ingen sjuke skal møta på skulen                                                             
  • God handhygiene
  • Redusert kontakt mellom personar

Nytt hausten 2020:

Det vert ei gradvis innføring av nye fagplanar dei neste tre åra. Overordna del- verdigrunnlag og prinsipp er gjeldane for alle frå 1.august 2020. Sentrale punkt er mellom anna; inkluderande miljø, sosial læring, tverrfaglege tema, djupnelæring, nytt kompetanseomgrep og grunnleggjande dugleikar. Dette skal syna att i skulane sin praksis og opplæring.

  • Moderasjonsordningar i SFO:

Frå 1. august er det innført nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga i SFO. Endringa gjeld:

  • Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Gjeld elevar i 1. -2.trinn
  • Gratis SFO- tilbod til barn med særskilde behov i 5.-7. trinn

Meir informasjon om ordninga finn de på heimesida.

  • Læringsteknologi:

Alle elevar i Kvinnheradskulen på 1.-5. trinn vil frå skulestart få eigen iPad. Læringsteknologi skal vera ein integrert del av opplæringa i grunnskulen. Innan 2021 vil alle elvar ha ei digital eining 1:1 i tråd med den kommunale IKT-strategien.

skulestart.PNG

I Kvinnherad skal alle elevar oppleva å vera del av eit trygt, godt og inkluderande miljø som bidreg til læring og utvikling. Det får me best til i eit nært og godt samarbeid med heimane. Som forelder/føresette er de viktige støttespelarar for barnet- Lukka til med skuleåret!