Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Hardanger Biogass AS.
Oppstartsmøte med administrasjonen vart heldt den 11.09.19 og oppstartsløyve vart gjeve av forvaltningskomiteen den 02.10.19.

PlanID.: 20190009

Planområdet er i gjeldande kommuneplanen avsett til området for framtidig næring (med plankrav) og til LNF.
Føremålet med omreguleringa er å etablera eit biogassanlegg på tomta. Dette er eit klimavenleg tiltak som er med på å redusere klimagassutslepp i Kvinnherad, og i tråd med klimaplanen til kommunen for å redusere klimautslepp. Biogassanlegget vil utnytte metangass (klimagass) frå rotningsprosessen og produsere drivstoff til køyretøy som vil redusere CO2 utslepp, og råvara til dette anlegget er husdyrgjødsel, fiskeslam og slaktavfall/ensilasje.
I samband med planarbeidet vert det utarbeida ei utvida konsekvensutgreiing i planomtalen som mellom anna skal vurdere landskap og fjernverknad.

Planområdet ligg i Sandviklio i Dimmelsvik  og er vurdert som ideelt med tanke på den nære tilknytingen til det eksisterande næringsområdet i vest, jordbruksområda i Dimmelsvik og Uskedalen kor store deler av ressursgrunnlaget til Biogassanlegget er å hente.
Avgrensinga er satt til kring 30 daa. Dette er større enn først tenkt, og kjem av at ein tar med meir areal til veg og utbetring av avkøyrsleforhalda slik at dei vert oppgradert til gjeldande standard.
Planområdet ligg i tett nærleik til sjø, men har liten verdi frå eit strandsoneperspektiv grunna eksisterande bruk av planområdet (lagringsplass), den nære tilknytinga til aktivt næringsområde i vest, og fylkesvegen som ligger mellom planområdet og sjøkanten. Kvinnherad kommune er i gang med ein strandsonekartlegging og denne vil ein nytte i plan.

Viktige utgreiingar:
Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar:
- Fjernverknad og estetikk.
- Landskap og terrenghandsaming.
- Trafikktilhøve.
- Naturmangfald.
- Landbruks- natur- og friluftsområde.
- Rasfare.
- Støy, lukt og eksplosjonsfare.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til den 11.11.2019.
Nabovarsel vart sendt ut pr. brev den 10.1019. I dette høvet er det sendt eit utvida nabovarsel slik at naboar i ein radius på 300 m rundt planområdet får varselbrev. Dette er eit resultat av eit av innspela som kom på informasjonsmøte i Dalatun den 27.09.19.

Annonsa kan og sjåast på www.byggadmin.no

 

VEDLEGG I SAKEN: