I går, 12.09.22, kom det nye oppmodingar om kven som vert anbefalt oppfriskingsdose med koronavaksine. Det vert no oppmoda om oppfriskingsdose til følgjande grupper:

  • Alle i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforlaup
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Dette i tillegg til alle frå 65 år og eldre. Gravide i 2. og 3. trimester, samt dei i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko kan møta på kommunen sine planlagde massevaksinasjonsdagar. For ungdom i aldersgruppa 12-17 år ber vi om at føresette tek kontakt med helsestasjonen.
For definisjon av risikogrupper, sjå www.fhi.no