Planarbeidet er godt i gong, og Kvinnherad kommune ynskjer å informere om status og den vidare prosessen. I tillegg vil vi presentere oppdaterte skisser og utkast til reguleringsplan, ta opp viktige problemstillingar og det pågåande arbeidet med å få realisert sjølve næringsparken. Husnes Utvikling vil halde innlegg om tilbakemeldingar dei har fått og korleis dette arbeidet kan styrke regionsenteret.

Kvinnherad Næringsservice kjem til å presentere arbeidet med å gå frå moglegheitsstudie til realiserbart konsept, sett frå næringslivet sin ståstad. Representantar for biogasselskapet Vireo AS og hydrogenselskapet Hydrogen Solutions AS kjem som døme på to av næringane som er aktuelle for næringsparken. Høgskulen på Vestlandet vil også informere om hydrogen, med særleg fokus på tryggleik.      

Etter presentasjonane vert det lagt opp til spørsmål til innleiarane, innspel frå publikum og diskusjon.

Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice må grunna smittesituasjonen gjere folkemøtet om Grøn Næringspark Kvinnherad til eit digitalt møte.

Vi gjer merksam på at møtet kan bli teke opp, og at opptaket vil bli handsama etter GDPR-reglar om personvern. Programmet vil gå som tidlegare oppsett. Lenkje til sjølve møtet finn de under.

Microsoft Teams-møte

Bli med frå datamaskin eller mobilapp

Klikk her for å delta i møtet

Finn ut meir 

 

Vel møtt!